Aase Simonsen, Hege Haukeland Liadal og Sissel Hansen Tysse meiner fleire kvinner må inn i politikken, og har stor tru på arrangement som «Damenes politiske aften». (Foto: Alf-Einar Kvalavåg og Mona Terjesen)

 

– Det blir interessant å sjå fordelinga menn/kvinner på listene denne gongen, seier journalist Mona Terjesen. Tysvær Bygdeblad er i gang med valkampdekninga.

Det starta med eit leserinnlegg Aase Simonsen, ei av kvinnene Terjesen har å intervjua om tema.

Simonsen meiner det er for få kvinner i kommunestyrene på Haugalandet. Partia strever med å setje opp like mange kvinner som menn, i valgprosessen vert menn oftare stemt fram enn kvinner, og dei kvinnene som vert valt inn får sjeldnere leiarverv.

– I Karmøy er eg den einaste kvinnelege leiaren i eitt av fire utval. Og vi har Inge kvinnelege gruppeleiarar. Stortingspolitikar Hele Haugeland Lidal meiner kjønnsfordelinga i politikken er alarmerende. Men ho har svar på korleis ein skal få med fleire kvinner-

– På same måten som med menn. Spør om dei har lyst å vera med å styra samfunnet.

Sentralt i arbeider for å engasjere fleire kvinner i regionen ligg arrangementet «Damenes politiske aften», der poenget er mingling og nettverksbygging. Arrangementet har vore gjennomført fleire gonger, også før førre val.

– Fleire av dei som var med stilte til val, fortel lokalpolitikar i Tysvær, Sissel Hansen Tysse. ho viser til at kvinneprosenten i kommunestyret auka frå 27,5% til 41,4.

Føl valet tett

Tysvær Bygdeblad i gang med valdekninga, med fleire fokus.

– Vi har planer om å følge valgt tett. Og kjem til å fokusere på dei aktuelle personane. Vi kjem til å fokusere mykje på kva dei lovde ved forrige valgkamp og kva de har gjennomført, fortel Terjesen.

– Utover dette kjem vi til å jobbe sak for sak.