Uavhengig av divisjon eller nivå kan ein finna spente og engasjerte fedrar, bestemødrer eller kjærastar på sidelinja. Snu kameralinsa mot publikum neste gong du er på ein kamp. Kan hende finn du ein heil gjeng med ivrige supporterar.

Ørjan Brattetveit og Vidar Herre i Hordaland var på sesongens siste kamp i den lokale TeBe-serien for 7-arfotball. Der fann dei supportergjengen Snabbane, med heimestrikka panneband og ein lokal pølsefabrikk som sponsor. Etter kvar kamp deler Snabbane ut ein pølsesnabb til ein av spelarane. Undervegs i kampen bruker dei stemmebanda for å halda stemninga og pågangsmotet oppe.

Les den underhaldande saka i vedlegget.