Avisa Hordaland har sett på kommunen sin byggjestatistikk. Den syner at etter fleire år med byggjeboom på Voss, har det i 2017 vore ein kraftig nedgang i talet på godkjende einingar både for hytteprosjekt og husvære. Tala har ikkje vore like låge sidan åra rundt finanskrisa, 2008-2010.

Også talet på innkomne byggjesøknader var i 2017 på eit lågmål.

Dagleg leiar hjå ein av dei lokale utbyggjarane synest det er vanskeleg å seia om nedgangen skuldast mindre interesse frå marknaden, eller om det er utbyggjarane som ikkje har vore like mykje på.