Etter at Grenda gjekk ned i frekvens har dei fått tid til å laga meir og betre innhald. Responsen frå lesarane har vore god.

Grenda, frå venstre: Maylin Kristiansen, Morten Nygård, Margit Omvik Jarle Håvik, Mari Mehl, Marius Nissestad, Håvard Sætrevik og Gunn-Bente Stølen.

 

Då Posten la ned laurdagsdistribusjonen, la Grenda ned laurdagsavisa. Dei opplevde allereie at Posten tidvis hadde problem med å distribuere avisa, og rekna ikkje med at Kvikkas ville klare det betre.

Samstundes styrka dei nettsida, mellom anna med digitalt arkiv, og dei lova å lage minst like mykje lesestoff som før. Det har dei også gjort.

– Vi laga fleire avissider i 2017 enn i 2016. Med to deadlines i staden for tre har vi fått frigjort tid til å lage stoff. Vi har også fått tilbakemeldingar om at vi lagar betre avis, seier redaktør Håvard Sætrevik.

Mindre opptatt av konkurrenten
Det offisielle opplagstalet gjekk ned ein del i 2017, men dette skuldast at alle abonnentane frå omlegginga i november 2016 vart komplettabonnentar.

– Det viktigaste med omlegginga var at vi skulle klare å halde på abonnentane, og det har vi klart. Vi har berre åtte færre papirabonnentar, påpeiker Håvard.

 

Gåvekort: Ein gong i året har Grenda vervekampanje der den som vervar ein ny abonnent kan vinne gåvekort verdt 5000 kroner. Det gjev alltid nye abonnentar. Kvartsida med eigenannonse knytt til Black Friday gav også god respons.

 

Grenda har vore bevisste på å behalda helgestoffet. Reportasjar og portrett var typisk laurdagsstoff tidlegare, no kjem dette i torsdagsavisa. Grenda har også vorte mindre opptatt av kva konkurrenten Kvinnheringen gjer. Kvinnheringen kjem ut måndag, onsdag og fredag, medan Grenda no kjem ut tysdag og torsdag. Tidlegare følte dei at dei måtte sjå Kvinnheringen si måndagsavis før dei laga si eiga tysdagsavis. Dette har dei gått bort frå.

– Vi var for reaktive på kva konkurrenten føretok seg, det kan vi ikkje vere lengre. No går vi ut og lagar dei sakene som vi synest er gode og viktige, og håpar at konkurrenten ikkje er på dei same ballane. Vi ser heldigvis at vi kan lage saker på torsdag og vere åleine med dei sjølv om dei ikkje kjem på trykk før veka etter. Ein del hendingar kjem sjølvsagt i begge avisene, seier redaktøren.

Han meiner at det berre er ein styrke for innbyggjarane at det er to sett med auge som følgjer med på kommunepolitikken, og at det lokale kultur- og lagslivet får god merksemd.

 

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Sportsportrett: Dyktige unge idrettsutøvarar er gjerne ofte i spaltene, men utan at ein vert så godt kjent med dei. Grenda har valt å lage portrettintervju med nokre av ungdommane.

 

Etter 45 år med aviskonkurranse kjenner ikkje dei tilsette til nokon annan kvardag.

– Det er ei av dei ytre rammene for oss. Det gjer at vi skjerpar oss, og vi likar å tru at det har den effekten hos dei òg. Vi har ikkje rom til å liggje bakpå, seier Håvard.

Sel meir nettannonsar
Også annonsekundane kan ha glede av at to lokalaviser konkurrerer om dei same kundane. Annonsekonsulent Maylin Kristiansen trur likevel at ho hadde ytt like god service for kundane om Grenda var den einaste lokalavisa på heile Vestlandet. Ho kjenner mange folk i kommunen både gjennom idretten og anna engasjement, og det er viktig for henne å ha ein god tone med folk både når ho er på jobb og på fritida.

Maylin sit med ferske februar-tal framfor seg når vi ringer, og fortel at det er lenge sidan Grenda har hatt ein så god februarmånad. Det skuldast at dei har selt meir bevisst på nettannonser.

– Vi prøver å få flest mogleg årsavtalar. Det er ein vinn-vinn-situasjon, då veit vi kva vi får inn, og kundane får også god oversikt, seier ho.

Mange små bygder
Kan hende er det geografien som gjer at det er rom for to lokalaviser i Kvinnherad, ein kommune med drygt 13.000 innbyggjarar. Kommunen er stykka opp i ei rekkje små bygder som ligg klemt mellom Hardangerfjorden og fjella. Det tar eit par timar å reise gjennom kommunen, som har ni ferjekaiar.

– Det er mange småsamfunn med sin eigen identitet, sitt eige samhald, skule og lagsliv. Det er mykje å følgje med på, seier Håvard.

 

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Kvardagsglimt: Ein gong i blant tek journalistane med seg kameraet ut og reiser rundt ein heil dag for å fotografere vanlege folk i vanlege jobbar. Slik får dei fram mange nye fjes og kvardagshistorier. Denne reportasjen gjekk over tjue sider i juni i fjor.

 

Geografien har også sitt å seie for kva folk er opptatt av. Samferdsle og kryssing av fjorden er mellom temaa som alltid engasjerer. Då Halsnøytunnelen vart ti år 8. mars nytta Grenda høvet til å gå i djupna i historia om tunnelen. Dei intervjua butikkinnehavarar om betydinga av tunnelen, og skreiv om korleis tunnelen har knytt idrettslaga tettare saman. Samstundes såg dei framover på nedbetaling av tunnelen og vidare utvikling av Halsnøysambandet.

Eit anna tema som opptek folk i bygdene er skulestrukturen. Journalistane i Grenda har lagt merke til korleis vaksne som ikkje har gått på skulen på mange år har sterke meiningar om korleis skulen bør vere. Det fekk journalistane til å spørje seg korleis undervisninga eigentleg er i dag. No har dei starta ein serie der dei besøker alle dei fem ungdomsskulane i kommunen for å gje eit innblikk i skulekvardagen i 2018.

– Serien er laga for dei som ikkje går på skule i dag. Kanskje er han også lærerik for nokon som skal ta politiske val som vedgår skulane, seier Håvard Sætrevik.

Sjølv trur han at noko av det som har endra seg mest dei siste åra er bruken av digitale hjelpemiddel og måten lærarane klarer å skape engasjement og deltaking i timane.

 

Skulen i dag: Grenda prøver å få med seg ulike fag når dei besøker ungdomsskulane, for å kunne skildre eit breiast mogleg bilete av skulekvardagen.

 

Lokalhistorie
Kvinnherad har ikkje berre mange skular, men også mange kyrkjer og kyrkjegardar. No har dei gåande ein serie der dei skriv om lokalhistorie ut frå kyrkjegardane. Målet er å besøke alle kyrkjegardane i kommunen.

– Kyrkjegardane er ei kjelde til historie som bokstaveleg tala ligg der. Dei har gjerne historier frå eit stort tidsspenn, og ein del spennande enkelthistorier. Når du får med deg nokon som er kjent på kyrkjegardane, har dei truleg fått med seg ein del historier, seier Håvard.

Grenda tek til dømes med seg pensjonerte kyrkjeverjer eller andre lokalhistoriske krefter på kyrkjegardane, og får historier om folk som har mista livet på havet og i snøras, om spesielt staselege folk eller om nokon som døydde unge. Lesarane har gjeve tilbakemeldingar om at dei har sett pris på stoffet.

 

Lokalhistorie: Ein kan finne mykje historie på gravsteinane.

 

Grenda har vore lokalavis for Kvinnherad kommune sidan 1951. Avisa har kontor i Rosendal. Papiravisa kjem ut tysdag og torsdag med eit godkjent opplag på 2255. Nett: www.grenda.no