GRANNAR: Framme frå venstre: Åse Madsgård, Gunhild Aksdal, Grethe Hopland Ravn og Inger Marie S. Eikemo. Bak frå venstre: Torstein Tysvær Nymoen, Arve Skogen og Arne Frøkedal. Ikkje til stades: Randi Ronæs, Edna Trovanelli, Irene Mæland Haraldsen og Jon Edvardsen. (Foto: Grethe Marie Gugarden)

Grannar har i fleire år samarbeidd med Appex om å utvikle digitale verktøy for lokalaviser. Likevel vil dei prioritere papiravisa høgast så lenge dei kan. 

Iblant tek også lokalaviser seg tid og råd til å grave i ekstra utfordrande saker. Det gjorde Grannar i fjor, då dei skreiv om tre polske menn som framleis er sakna etter ein fisketur i Etnefjorden for fem år sidan. Journalist Grethe Hopland Ravn drog til Polen for å møte dei etterlatne. Les meir om saka her.

– Dette var både tidkrevjande og kostbart, vi sende to personar til Polen, men resultatet blei svært bra og det var verdt ressursbruken, fortel redaktør Arne Frøkedal.

Politikk, næring og landbruk
Det er ikkje ofte Grannar kan leggje så mykje ressursar i ei sak. Vanlegvis prioriterer dei det faste og nære stoffet og kvardagsgravinga. To journalistar følgjer kvar sin kommune tett. I årsmøtetida framover følgjer dei med på endringar i lokallaga, og denne veka skreiv dei om 18-åringen som er nyvald leiar i Vindafjord Høyre. Dei nytta høvet til å stille han nokre spørsmål om synet på politikken etter #metoo-kampanjen.

Grannar er også tett på næringslivet, spesielt om våren og sommaren når lokale bedrifter sender inn resultatrekneskapa sine. Denne veka skreiv dei om hjørnesteinsbedrifta Westcon Yards med verft i Ølensvåg. Verftet har lenge slite med lite oppdrag innan riggmarknaden, og Grannar har intervjua konsernsjefen om utsiktene for 2018.

Grannar bruker å samarbeide med naboavisa Tysvær Bygdeblad om temamagasin om næringslivet. Slik får dei eit fyldigare magasin som dekkjer eit større område og har større potensiale for annonsørane.

Landbruk er også eit viktig tema i Grannar. Denne veka hadde dei sak om trafikktryggleik og regelverk for traktorførarar som køyrer på offentleg veg.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Ungdom i spaltene
Ungdommar er ofte synlege i spaltene til Grannar. Ein måte dei har fått dette til på, er at dei i vel åtte år har samarbeidd med vidaregåande skular om prosjektet Ungdomsredaksjonen. Ved oppstarten besøker redaktøren og grafikaren medieklassar for å fortelje om avisa og avisinnhaldet. Deretter har elevane eigne redaksjonsmøte, lagar saker og utformer dobbeltsider som vert trykte i Grannar.

– Dette gjer vi både for å få stoff vinkla frå ungdom sin ståstad, og for å få marknadsført Grannar blant unge lesarar. Kanskje får vi også ungdom til å tenkja på journalistikken som ei mogleg framtid, seier Arne Frøkedal.

I løpet av skulegangen kjem alle borna og ungdommane i Etne og Vindafjord på trykk i Grannar. Avisa dreg rundt på skulane og fotograferer i løpet av året alle førsteklassar, sjetteklassar og tiandeklassar til den faste spalta Klassen min. Nokre av elevane får enquete-spørsmål.

UNGDOMSREDAKSJONEN: Elevane som er med på prosjektet både planlegg, skriv og utformar sakene.

 

Meir enn avisannonsar
Grannar har kontor på kjøpesenteret i Etne, og marknadsavdelinga samarbeider godt med butikkane i både dette senteret og kjøpesenteret Ølen i Vindafjord. Dei hjelper butikkane med langt meir enn avisannonsar, mellom anna nettprofilering, magasin, konkurransar og foto.

Dei siste åra har Grannar arrangert den populære konferansen NæringsGIV saman med lokale utviklingsselskap. Då tek dei næringslivet med seg til fjells og fortel gode næringslivshistorier om alt frå internasjonale storkonsern til lokale einmannsføretak. For Grannar er dette ein god måte å byggje relasjonar til aktørar i næringslivet.

Både redaksjonen og marknadsavdelinga prioriterer framleis papiravisa. Det er den dei sel mest annonsar til, og dei fleste sakene vert publiserte på papir først.

– Me hegnar om papiret så lenge me kan, seier redaktør Arne Frøkedal. Han fortel at avisa har to journalistar på vakt kvar helg og bruker god plass på helgestoffet. Men det meste av helgestoffet kjem ikkje på nett før etter at måndagsavisa er hos abonnentane. Då legg dei kanskje ein litt annan versjon på nett, til dømes ein bildeserie.

Grannar har samarbeidd med teknologiselskapet Appex i fleire år. Slik har dei fått høve til å utvikle si eiga løysing for nettavisa og sitt eige publiseringssystem.

– Vi ville ha eit system som var skreddarsydd for lokalavis. Dessutan vart dette mykje billegare enn å kjøpe eit av dei større selskapa sine system, seier redaktør Arne Frøkedal, som fortel at dei har god effektiviseringsgevinst av at same publiseringssystem vert brukt til både nettsaker og papirsaker, og at systemet er integrert med InDesign. Dei jobbar no med fornying av nettbunaden og nye elektroniske løysingar. Dei jobbar også med digitalisering av avisarkivet, inkludert Vindafjordingen som gjekk inn i Grannar i 1989.

– I samband med den digitale utviklinga skal vi prøve å vere meir ute på stand på bygdedagar, marknader og andre arrangement, for å fortelje folk at nettilgang er inkludert i abonnementet, fortel dagleg leiar Arve Skogen.

Elles opplever han at det er telefonsal som fungerer best, og ikkje minst å laga ei god avis som held interessa oppe blant lesarar og annonsørar.

Her kan du sjå Arne Frøkedal fortelje om publiseringssystemet.

 

SISTESIDA: Då Arne Frøkedal vart redaktør, brann han for å få fleire lokale stemmer i avisa. No er det lokale skribentar som fyller spalta «På tampen» på sistesida kvar torsdag. Måndagane er det miniportrett på sistesida.

Grannar er lokalavis for Etne kommune i Hordaland og Vindafjord kommune i Rogaland. Avisa kjem ut på papir kvar måndag og torsdag. Nettavis på Grannar.no.

Grannar hadde i 2016 eit godkjent opplag på 3534.

Avisa er eigd av om lag 800 lokale aksjonærar.