Avisa Gaula er ei klassisk lokalavis på papir som ikkje har gjort store endringar sidan starten i 2001. Det er det mange lesarar som set pris på. I fjor auka opplaget med åtte prosent, og no aukar også annonseinntektene kraftig.

 

GAULA: Her representert ved Anne Sveberg, Åsmund Snøfugl og Ann Karin Snefuglli. Foto: Selfie

Åsmund Snøfugl skipa Gaula i 2001, som lokalavis for Melhus kommune sør for Trondheim. Med det starta han ein konkurrent til avisa han sjølv hadde skipa 22 år tidlegare, Melhusbladet som seinare skifta namn til Trønderbladet. Sjølv vil han heller kalle Gaula eit supplement enn ein konkurrent til Trønderbladet. Trønderbladet dekker eit større område og kjem ut fleire gongar i veka med høgare opplag enn Gaula.

– Det er vi som er den svake part på annonsemarknaden, seier han.

Då han selte Trøndebladet til Adresseavisen i 1996, hadde han ikkje tenkt å drive meir med avis. Men då Trøndebladet gjekk ned frå fire til tre dagar i veka, meinte han at det var ei ledig nisje for ei ny avis for lesarar som hadde vent seg til fire avisdagar i veka.

Det siste året har Trønderbladet igjen redusert, og har no to utgåver i veka.

Stabil utvikling
Åsmund Snøfugl er framleis redaktør for Gaula. Han driv også Snøfugl forlag. Då han starta opp avisa var det ein ekstra tryggleik å ha ei ekstra verksemd i ryggen, men i praksis har det hatt lite å seie for drifta av avisa.

– Vi har hatt ei usedvanlig stabil utvikling. Opplaget er høgare noe enn i starten, den som blir abonnent fortset å vere abonnent, seier han.

I fjor auka opplaget med heile åtte prosent, og Gaula var med det den soleklare opplagsvinnaren i Trøndelag. Ifølge Åsmund Snøfugl hadde dei ingen spesielle kampanjar som skulle tilseie ein slik opplagsauke. Han trur at avisinnhaldet og eit godt og stabilt rykte er utslagsgivande for at folk vil ha lokalavisa.

Det siste året har Gaula også hatt ein god vekst i annonseinntekter. Det kan skuldast at dei fekk ein god annonseseljar med på laget. Han driv eige firma, og sel annonser på provisjon. Han sel også annonser for fleire andre aviser.

Bileta i Gaula sin kolofon viser heile ni medarbeidarar. Likevel er redaktøren ofte aleine på kontoret. I tillegg til han sjølv er dei tilsette kona hans Anne Sveberg som jobbar fire dagar i veka, og som også var med då dei starta Melhusbladet/Trønderbladet, Anne Sørtømme som jobbar ein dag i veka og Ann Karin Snefuglli som jobbar ein dag i veka. Dei andre er frilansarar. To av filansarane leverer stoff regelmessig, dei andre meir sporadisk.

Satsar på papirlesarane
Gaula er først og fremst ei papiravis. Nettsida vert oppdatert ein gong i veka med kortare versjonar av nokre av sakene frå papiravisa.

­– Vi har ikkje ressursar og kapasitet til å jobbe på begge plattformer. Samtidig trur vi at det er ein del lesarar som gjerne vil ha avisa på papir, det er dei vi satsar på, seier Åsmund Snøfugl.

Han trur at den typiske lesaren er over 50 år, og at dei fleste lesarane har budd i området i lengre tid. Det ser også ut som avisa har overvekt av kvinnelege lesarar.

I intervjuserien «Dagens gjest hos Hege» som går på baksida av kvar avis, brukar journalisten å spørje om folk har noko råd til avisa Gaula.

– Vi prøver å lytte til dei råda folk kjem med. Som regel seier dei at dei er nøgde, men dei under 40 seier «kom dykk på nett».

Om dei spør kva folk les, nemnar mange spesielt «Småplukk på side 4». Denne sida har vore uendra sidan starten. Her boltrar redaktøren seg med korte tekstar om slekter og lokalhistoriske hendingar frå Gauldalen, quiz, vitsar og sitat.

Redaktøren fortel at forbausande mange også seier at dei les Gaula frå første til siste side.

 

GAULA: Lokalavis for Melhus kommune sør for Trondheim, og nokre av bygdene rundt Melhus. Kjem ut kvar onsdag med godkjent opplag på 1638. Starta av Åsmund Snøfugl i 2001. Snøfugl er framleis redaktør og dagleg leiar. Har ei enkel nettavis på melhusporten.no.

 

DAGENS GJEST: Intervjuserien «Dagens gjest hos Hege» går på baksida av kvar avis.

 

SMÅPLUKK: Side 4 har vore uendra sidan starten. Sida er populær blant lesarane.