FJUKEN: Frå venstre Vigdis Kroken, Hans Erik Kjosbakken, Terje Randen, Helene Starheimsvik og Tom Erik Solstad. Arve Danielsen, Ragnhild Brimi og Asta Brimi var ikkje til stades då bildet vart tatt.

Fjuken vil halde fram å vere den mest lesne avisa i dekningsområdet. Etter at dei i vår lanserte digitale abonnement, har dei fått fleire nye abonnentar.

Hans Erik Kjosbakken har vore redaktør i Fjuken i snart to år. – Det blir ingen revolusjon med med meg som redaktør, sa han då han overtok. Det har likevel skjedd ein del sidan den gong. Mellom anna har redaksjonen gått over til malstyrt produksjon, med Polaris sitt Newscycle-system.

– Før kunne den som skreiv berre hive saka til desken som tok seg av layout. No må vi gjere meir sjølv, seier Hans Erik.

Det har tvinga journalistane til å skrive kortare.

– Det tok ei tid før vi kom inn i den nye måten å arbeide på i redaksjonen. No går det betre, men det hender vi saknar fridomen, seier Hans Erik.

Fjuken har framleis ein grafikar som kan tilpasse dei redaksjonelle sidene ved behov, men grafikaren jobbar no først og fremst med annonseproduksjon.

 

GOD HELG: I den faste helgeseksjonen har Fjuken alltid eit portrettintervju eller ein reportasje.

 

Mindre annonser
Fjuken har ikkje redusert bemanninga etter omlegginga, men dei produserer no også annonsar for Dølen og Vigga. Dei har også annonsesamkøyring med Dølen, Vigga og Norddalen.

– Annonsesamkøyringa er veldig viktig for oss. Samkøyringa er godt innarbeidd, og seljaren i Fjuken opplever at kundane ber om samkøyring, fortel dagleg leiar Asta Brimi.

Men dei merker også annonsenedgangen og har redusert annonsebudsjettet.

– Tidlegare hadde vi til dømes mykje rubrikkannonsar, men vi merkar at dei i stor grad har forsvunne til kanalane som er gratis. Vi merkar også at butikkane ikkje annonserer nye varer på same måten som før, og at kommunen i stor grad tilviser til eigne nettsider. Men vi har ein del lojale annonsørar, stillingsannonsar, og lag og organisasjonar er framleis flinke til å bruke oss, seier Asta.

Nettbetaling sidan i vår
I vår gjekk Fjuken i gang med brukarbetaling på nett, med Polaris si Spid-løysing. Opplaget har gått ned dei siste åra, men lukkinga av nettsida har ført til mange nye abonnentar. Når nye brukarar prøver å gå inn på ei sak med pluss-teikn, får dei tilbod om abonnement til 29 kroner for første månad.

Fjuken har som prinsipp at dersom dei har abonnementssal på telefon, skal det vere lokale folk som ringjer. For eit par år sidan sette alle dei tilsette i avisa av eit par timar til å ringje. Då fekk dei 64 nye abonnentar.

– Det var nok vanskelegare å seie nei til oss, enn til nokon som ringde frå eit byrå, seier Asta Brimi.

 

UTFLØTT: Fjuken har fleire populære spalter, mellom anna det faste intervjuet med ein utflyttar.

 

Populære borneintervju
Fjuken har ein god dei utflytta abonnentar. Dei har også fått inn igjen spalta «Utfløtt», ei spalte frå tidlegare tider som mange lesarar hadde sakna. Dei intervjuar dei ein utflyttar om kven dei er, kvifor dei flytta og kva forhold dei har til heimbygda.

Fjuken har fleire faste spalter. Ei anna spalte dei har starta opp att fordi dei veit at ho var populær, er baksidepraten med ungar. I kvar avis har dei også ein god helg-del med reportasje eller portrett og noko fast småstoff. Familiesidene er framleis populære, og kvar veke får ein av dei gratulerte bursdagsborna ei lita overrasking i posten frå Fjuken. Kvart år deler dei ut heidersprisen Årets Ottadøl i samarbeid med Sparebank1 Lom og Skjåk. I fjor gjekk prisen til ei skuleklasse i Lom fordi dei gjennom alle år på skulen har synt spesiell omsorg og omtanke for ein medelev.

Fjuken har fleire år hatt ein svært populær video-julekalender med julerelaterte spørsmål med lokale tilsnitt. To Fjuken-kjendisar hjelper lesarane å finne svara. Her kan du sjå lista over svar, vinnarar og premier.

 

 

Arkiv på nett
Hans Erik Kjosbakken meiner innhaldet i avisa stort sett er det same som før, men dei har vorte meir bevisste på korleis dei frontar sakene på nett etter at dei har begynt å sjå på kva saker som fører til at folk loggar seg inn på nett.

– Det må kanskje vere litt dramatikk i saka, men vi skal ikkje verte tabloide av den grunn. Det skal framleis vere god journalistikk og hald i stoffet, seier Hans Erik.

Nyleg vart dei 29 årgangane av Fjuken digitalisert og gjort søkbart for abonnentane.

– Dette gjorde vi både for å få nye abonnentar, og for å få eksisterande abonnentar til å logge seg inn på nettløysinga. Vi veit at det er mange som sit og blar i arkivet no, seier Hans Erik Kjosbakken. Etter kvart vil også redaksjonen bruke arkivet til å henta fram igjen gamle saker.

 

SIKRA ARKIVET: Fleire abonnentar har tatt vare på kvar einaste utgåve av Fjuken. Då Fjuken skulle digitalisere arkivet, fekk dei avisene til Olga og Lars Nyhus.

 

Fjuken vart starta som eit folkeeigd aksjeselskap (Skjåk Mediautvikling AS) i 1989.

Fjuken eig halve Dølen og heile Vigga, medan det er Polaris-avisa Sunnmørsposten som er hovudaksjonær i Fjuken.

Fjuken dekkjer kommunane Lom, Skjåk og Vågå.

Avisa har eit godkjent netto opplag på 3571.

Nettside: http://www.fjuken.no