Redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende.

 

I februar hadde Fjordenes Tidende tre gonger så mange menn som kvinner på framsida. I mars hadde det snudd, då hadde fem av åtte førstesideoppslag kvinnelege hovudkjelder.

– Det viser at det ikkje er umogleg å få fram kvinnene om ein bestemmer seg for det, seier redaktør Erling Wåge.

Fjordenes Tidende starta prosjektet «Likestilt» på kvinnedagen. Sidan har dei jobba systematisk med prosjektet.

– Redaksjonssjefen og dei to journalistane som jobbar med prosjektet har jamlege møte der dei går gjennom tipsbunkane for å sjå etter luker vi kan krype inn i for å sjå sakene frå likestillingsperspektivet. Dei diskuterer korleis vi kan heie på jentene og få fleire kvinnelege kjelder. Kvinner svarer ofte litt annleis enn menn, seier redaktøren.

Planen var å køyre prosjektet i ein månad, men etter mange gode tilbakemeldingar held dei fram. No har dei hatt nesten 70 artiklar i serien. Dei har sett nærare på kvinners kvardag, intervjua menn og kvinner om likestilling, og generelt fått fleire kvinnelege kjelder i både mjuke og meir kontroversielle saker.

Les meir om prosjektet.

Journalistane som har jobba med serien «Likestilt» fekk nyleg heiderleg omtale for serien frå Sogn og Fjordane journalistlag.

 

Intervjuar også born
Tidlegare har Fjordenes Tidende hatt eit liknande prosjekt der dei auka fokuset på born og unge – både fordi borna er viktige for lokalsamfunnets framtid, og fordi dei ønskjer å vere ei aktuell avis for framtidige abonnentar. Gjennom to år nemnde dei alltid born og unge på redaksjonsmøta og forsøkte å løfte fram born både i sakene og på framsida.

– Dette gjekk vi i gang med etter at eg hadde vore ute på skulane og fått tilbakemeldingar frå elevar som sa at dei sakna stoff om born. Dei sa mellom anna at vi burde intervjue borna og ikkje trenarane deira på sports- og kulturarrangement, seier Erling Wåge.

Dette prosjektet er avslutta, men redaksjonen forsøker framleis å vere medvitne på løfte fram born og unge.

– Samstundes må vi jo alltid prioritere dei sakene som når flest av lesarane våre. Vi skal ikkje vere ei barneavis. Dei siste åra har det handla mykje om kommunegrenser, og nett no skriv vi mykje om kommunebudsjett. Men vi prøver å ha fokus på dei som ikkje har makta og roper høgast. Om det er snakk om skulenedlegging vil vi ikkje berre intervjue dei vaksne, men også borna, seier Erling Wåge.

Meir digitale
Fjordenes Tidende er ei 107 år gammal avis. I mai 2015 rokka dei ved ein lang tradisjon då dei gjekk ned frå tre til to utgåver i veka. Samstundes innførte dei plussløysing på nett og e-avis.

– Vi var tidleg ute og forklarte abonnentane og annonsørane kva vi skulle gjere og kvifor. At vi ville ha digitalt fokus for å kome raskare ut med noko når det skjer, og at lesarane skulle få like mykje innhald som før. Det kom ikkje særleg med protestar, og både det året og året etter var vi den avisa i konsernet med lågast tilbakegang i opplaget, seier redaktøren.

Sjølv om Fjordenes Tidende prioriterer nett stadig høgare, sparer dei framleis eksklusive og unike saker til papir.

– Papiravisa har utruleg høg verdi. Viss ei sak har vore på nett og ikkje på papir har ho ikkje vore skikkeleg omtalt. Når folk seier «det har ikkje stått noko om det i avisa», då er det ikkje tvil om at dei meiner papiravisa, seier redaktøren.

Noko som kun finst på nett, er «Dagens ansikt». Ein frilansar lagar spørsmål-svar-intervju med heilt vanlege folk tre gongar i veka. Dei tek bilde av seg sjølv, og svarar på e-post. Spalta er veldig populær. Her kan alle komme til å lese om vennar og naboen.

I spalten «Dagens ansikt» kan lesarane lese om heilt vanlege folk.

 

Nye kommunar
Fjordenes Tidende dekkjer fire, nesten fem kommunar. Dei prøver å vere på møta når dei ser at det er viktige saker som skal opp. I tillegg prøver dei å få fram dei som vert berørte av sakene.

Avisa opplever store endringar i kommunegrensene i dekningsområdet sitt. Til dømes vert Vågsøy kommune, som Fjordenes Tidende dekkjer, slått saman med Flora, medan Bremanger som ligg midt mellom dei to kommunane ikkje vert med på samaslåinga. Dekningskommunane Eid og Selje vert også slått saman. Redaksjonen prøver å belyse temaet og vere vaktbikkje. Førebels er dei avventande til om samanslåingane får betydning for korleis dekningsområdet vert i framtida.

– Vi må tilpasse oss og lage avis for dei som vil lese oss. Men avisa vart etablert i 1910. Sjølv om ting er i endring, trur eg mykje framleis vil sitje i ryggmargen hjå lesarane, seier Erling Wåge.

Fjordenes Tidende har vore til stades i formannskapet for å få med seg kva som vart sagt om skulesaka.

 

Fjordenes Tidende har lokale leverandørar av quiz og kryssord.


Fjordenes Tidende er lokalavis for Vågsøy, Bremanger, Selje, Eid og delar av Vanylven. Avisa er ein del av Polaris-konsernet. Avisa kom ut første gong i 1910, og var fram til 1970-talet ei Høgre-avis. Avisa kjem ut kvar tysdag og fredag med eit godkjent opplag på 4403.

Nettside: www.fjt.no