For Bømlo-nytt gjekk det over all forventning å redusera frå tre til to aviser i veka.

BØMLO-NYTT: Selfie frå Bømlo-nytt. Fremst i biletet står journalist og selfiefotograf Stine R. Rørvik, marknadsansvarleg Frida Austestad,og grafisk designer Torstein Wathne Skimmeland. Inne ved veggen redaktør Randi Olsen, journalist Grethe Kjøsnes, journalist Håvard Hammarstrøm og journalist Nils-Tore Sele. Annonseseljar Hege Jacobsen Valde var ikkje til stades då biletet vart teke.

 

Det er ganske nøyaktig eit år sidan Bømlo-nytt reduserte frekvensen på papiravisa. Samstundes auka dei satsinga på nettavisa og innførte brukarbetaling på nett. Dei fekk nokre få negative tilbakemeldingar i starten, men redaktør Randi Olsen synest det gjekk over all forventning. Redaksjonen har fått tid til å jobba grundigare med sakene til papiravisa, og nettsida er meir oppdatert.

I 2016 auka dessutan Bømlo-nytt opplaget med 64. Redaktøren trur noko av opplagsoppgangen skuldast at dei har jobba grundig med ein sak som engasjerte stort i lokalmiljøet – nedlegging av yrkesskulen.

Bømlo-nytt prøver å prioritera saker om skule, næringsliv og arbeidsplassar, som dei ser at lesarane er interessert i å lesa om. Dei jobbar også godt med kultur, sport, helse og eldre.

– Me jobbar for å vera relevante for alle innbyggjarane, seier Randi Olsen.

 

Bømlafotballen: 700 fotballspelarar samla på ei gressmatte. Bømlo-nytt leigde lift for å få tatt biletet.

 

Tusen ungar i ei avis
I 2016 la redaksjonen også ned eit stort arbeid i ei eiga avis om bømlafotballen som dei ga ut ved sesongstart. I avisa hadde dei bilete av alle dei kring tusen ungane og ungdommane som driv med organisert fotball i Bømlo.  Dette fekk dei til med god hjelp frå klubbane. Ikkje minst måtte dei ha hjelp den søndagen dei klarte å samle 700 born og unge frå det største idrettslaget på eit fellesbilete. Dei leigde inn ein lift og fekk idrettslaget til å samla ungane.

– Det var veldig gøy, fortel Randi.

I avisa hadde dei også namn på alle spelarane, annonser og helsingar frå redaktør, ordførar, fotballpresident og leiarar for idrettsråd og idrettslag. Her kan du lasta ned heile avisa.

Bømlo-nytt har ofte bilete frå lufta. Dei har ein frilansfotograf som tek dronefoto, og trykker kvar laurdag eit nytt bilete teke av dronen Trygve.

 

DRONEFOTO: Kvar laurdag presenterer Bømlo-nytt eit dronefoto. Her er Trygve Drone på tur over Lyklingsjøen.

 

Dei prøver også å prioritera foto i nyheitssaker. Til dømes laga journalist Håvard Hammarstrøm fotoreportasje då ein lokal fabrikk nyleg opna ny serviceverkstad. Han brukte foto i staden for tekst til å visa kva som skulle gjerast.

For to år sidan, til 70-årsjubileet etter frigjeringa av Noreg, laga Bømlo-nytt eit eige fredsbilag. Dei fekk mykje ros for bilaget, som dei mellom anna delte ut som klassesett til skulane. I avisa laga Bømlo-nytt eit tidsbilete frå tida då freden kom til folket. Det gjorde dei ved å intervjua folk frå heile kommunen som har minne frå den tida. I avisa fortalde dei også historier om krigsheltane, om korleis Bømlo har feira freden opp gjennom åra og kva som har vore gjort for krigsveteranane.

 

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Satsar på annonsesal
Bømlo-nytt opplevde noko nedgang i annonseinntektene i 2016, men har pr. i dag eit lite overskot. Dei har ikkje mista så mange annonsekundar lokalt, men mange av kundane annonserer mindre no enn tidlegare.

– Det viktigaste me gjorde for å snu trenden var å søkje etter ny medieseljar i fjor haust. Me var heldige og fekk ein dyktig seljar med på laget. Ho kan sal og er aktivt ute hos kundane og hjelper dei med annonseplanar og anna. Det har resultert i ei rekkje innbringande avtalar for oss, fortel marknadsansvarleg Frida Austestad.

– Elles gjer me det me alltid har gjort. Tar oss godt av kundane våre og følgjer dei opp, legg ho til.

Bømlo-nytt er eigd av Sunnhordland, og som Sunnhordland har også Bømlo-nytt nett gått over til å bruka fleire av Agderposten sine system.

– Dette har gitt oss ein betre arbeidskvardag med meir effektive og stabile system, fortel Randi Olsen.

 

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Bømlo-nytt er lokalavisa for øykommunen Bømlo i Hordaland. Papiravisa kjem ut onsdag og laurdag med eit gjennomsnittleg sidetal på 30. Avisa er eigd av mediehuset Sunnhordland. Godkjent netto opplag: 3205.

Nettside: www.bomlo-nytt.no