Denne hausten sender Os og Fusaposten tv-serien Typisk Os. Kvar veke i sju veker legg dei ut ein episode av dokumentarserien på Os&Fusa TV.

Serien dreg historiske linjer til Os sitt opphav, tek for seg kvar Os står i dag, og kvar vegen går vidare. Dei tek opp tema som tilflytting, ungdom, politikk, kommunesamanslåing, næringsliv, kulturtilbod og planane om bru over Bjørnefjorden.

Os&Fusa TV har mellom anna intervjua no avdøde Frank Aarebrot i serien. I tillegg har dei prata med politikarar, barnefamiliar, bruforkjemparar, ungdomar og tilflyttarar.

Her kan du lese meir om serien og sjå trailer.

Os og Fusaposten har fått støtte frå Medietilsynet til å lage serien. For å få støtte til prosjekt med levande bilete må ein vere registrert som kringkastar, noko Os&Fusa TV er. Å vere kringkastar inneber at ein kjem inn under kringkastarregelverket, og mellom anna får krav til kontinuerlege direktesendingar.

Saman med reklameinntekter kan støtte frå Medietilsynet bety at det er liv laga med nett-tv, trur Ole Reinert Berg-Olsen, som har hatt regien for serien.

Han meiner at lokalavisene vil få større journalistisk tyngde om dei bruker fleire plattformar.

– Fleire og fleire bruker levande bilete til nyheitsformidling. Eg er redd for at ein om nokre år kan sjå at andre kjem og dankar ut lokalavisene dersom lokalavisene ikkje har satsa på dette sjølv, seier han.