Denne bildekrusellen krever javaskript.

Kvinnheringen lot seg inspirera av TV-seriar då dei laga motesak i fjor haust. No er saka nominert til Årets inspirasjonssak i MBLs medieprisar.

Kvinnheringen innleier saka slik:

Hausten er over oss, og motebildet forandrar seg i takt med kjøligare luft og mørkare kveldar. Hausten er også tida for å krølla seg opp i sofaen med ein god tv-serie på skjermen. Karakterane i tv-seriar har ofte stilige klede og kostyme, og det er det fullt mogleg å la seg inspirera av – sjølv om du bur i Kvinnherad og kvardagen ikkje er fullt så «actionprega». Klarar du å sjå kva tv-seriar som har inspirert oss på desse motesidene?