I Bø i Telemark sliter man med ukultur hva parkering av biler angår. Problemstillingen er nok kjent også i andre bygder i Norge. Bø Blad har en pågående serie om ukulturen under tittelen “Bilens mekka”. Serien har gitt resultater. Redaktør Hilde Eika Nesje skriver:

«Bø er ein liten kommune, med eit tett og kompakt sentrum. Sjølv om bygda er eit stort handels- og skulesentrum i Midt-Telemark er det ikkje lange avstandar å bevege seg på. Maks 10-15 minuttars gange dei fleste stader. Parkeringsplassane ligg òg tett, nesten ein til kvar butikk og det blir gjerne rabalder om ein snakkar om å lage fleire rundkøyringar fordi da vil ein miste parkeringsplassar. Til tross for eit lett tilgjengeleg sentrum er det bilen som råder, fotgjengarar slit og parkeringskulturen er slett. Ein køyrer gjerne mellom to butikkar som ligg 50 meter frå kvarandre. Dette har blitt eit politisk tema i bygda dei siste åra ettersom ein ønskjer å fortette sentrum for å hindre butikkdød og tomme lokale. Bø blad ville i samband med dette sette fokus på irriterande parkeringskultur som skaper hinder for andre og trafikkfarlege situasjonar. Dette blir gjort i samarbeid med lesarane som kan sende inn bilete til spalta – redaksjonen har knapt tatt eit bilete sjølv etter at me lanserte den. Bilens Mekka har blitt ein snakkis, folk blir faktisk meir bevisste og spøker ofte med si eiga parkering, men me har òg hatt eit par-tre sinte bilistar som meiner at me heng ut folk (sjølv om me alltid sladdar skilta). Dei fleste reaksjonane er likevel positive, folk humrar av dette.
Me har hatt redaksjonelle artiklar der me intervjuar butikkeigarar, politi m.m. om ukulturen. Politiet seier det ikkje kan gjere noko, men at det handlar om folkeskikk. Bø blad har fått fleire eksempel på at folk endrar åtferd pga spalta (Pizzabilen parkerer nå t.d. alltid lovleg og ikkje på fortauet).»