Vigga utfordra 2. kandidatane på listene i Lesja og Dovre til å ta ein selfie og svare på 12 spørsmål.

Redaktør Maria Kampesæter Kleiven råder andre som vil gjere noko liknande til å gje politikarane maks antall ord når dei skal svare skriftleg.

– Det blei litt lengre svar enn planlagt. Vi kutta noko, og nokon av politikarane måtte kutte tekst sjølv. Oppsettet var tenkt meir luftig, forklarer ho.

Vigga ville ha selfie for at politikarane kunne vise fram sin arbeidsplass, ein yndlingsstad, ein spesiell fin plass i kommunen, eller liknande.