Har de ein butikk eller frisørsalong med historie i veggane? Ein videoreporasje kan vera ein fin måte å formidla historia. Det sørgde VaksdalPosten for å gjera før den lokale herrefrisørsalongen frå 1931 stengde. Sjå videoen her.

VaksdalPosten laga den stemningsfulle, litt nostalgiske filmen om frisør Kjetill Vatle til jul. Den spesielle herrefrisørsalongen, som har vore i drift sidan 1931, stengde i romjula då 70-åringen Kjetill vart pensjonist.

Ved å gje eit siste innblikk i salongen og høyra Kjetill fortelja om drifta han og faren har drive, tok VaksdalPosten også vare på litt lokalhistorie. Saka fekk også brei omtale i papiravisa, men filmen opnar for eit anna innblikk i denne institusjonen av ein frisørsalongen.

Redaktør Esben Hesjedal fortel at det ikkje var spesielt ressurskrevjande å laga filmen. Han er laga på ein iPhone, redigert i iMovie – mellom anna inspirert av LLA-kurs med videojournalist Sveinung Ystad.