Ungdommane når ut til Vigga sine lesarar med eigne saker. Den første Ung-saka handla om utvandringa til Amerika.

Om lag 1000 personar emigrerte frå Dovre til Amerika etter 1850. Elevane i 10. klasse ved Dovre ungdomsskule valde å skrive om utvandringa til Amerika då dei fekk tre sider å boltre seg på i Vigga. Dei skriv mellom anna om Dovray, ein liten stad i Minnesota oppattkalla etter Dovre, om Opplandsarkivet og om korleis norske namn vart anglifisert.

Elevane i 9. klasse på Lesjaskog skule intervjua mellom anna Tora Berger, og skreiv påskeaktuelt småstoff til avisa før påske.

Redaktør Astrid Kvam Helset fortel at dei vil ha Ung-sider i avisa for å skape meir ungt engasjement, knytte unge lesarar til avisa, gje dei høve til å skrive for eit anne publikum enn lærarane sine og få høyre kva ungdommen bryr seg om.

Vigga samarbeider med skulane om Ung-sidene i avisa. Redaktør Astrid Kvam Helset kontakta rektor og lærar på dei tre ungdomsskulane og den eine vidaregåande skulen i området for å spørre om dei ville bidra. Ho har sett opp ein plan for kva tid sakene skal leverast og på trykk i den månadlege Ung-spalta.

 

Denne bildekrusellen krever javaskript.