“Små roller. Store roller. Born, unge, vaksne og eldre. Kvardag og fest.
Viktig og uviktig. Skule og arbeid. Alvor. Lått og løye. Deg og meg.
Lokalavisa di, Kvinnheringen dekkjer det aller, aller meste. Nesten.”


“Nils Trygve Markhus: Kjøpmann, revyartist, musikar, småbarnspappa, Valebu, sambuar.”
Avisa Kvinnheringen er i gang med ein spennande abonnementskampanje.
– Dette er første del av ein serie på fleire kjende/ukjende kvinnheringar. Fleire følgjer i vekene som kjem, seier Haldor Herland, dagleg leiar/markedssjef i Kvinnheringen.