MEST MOGLEG: Målet med nysatsinga «Liv laga» er å samla mest mogleg informasjon om alle fritidstilbod i Os og Fusa på osogfusa.no. Så langt har over 30 lag meldt seg på. (Foto: Kenneth Svenningsen/Os og Fusaposten)

 

Os og Fusaposten vil samla alle lag og organisasjonar til eitt rike. Dei er alt på god veg med nysatsinga «Liv laga».

15. august vart nysatsinga lansert i osogfusaposten.no
Målet med «Liv laga» er å samla mest mogleg informasjon om alle fritidstilbod i Os og Fusa på osogfusa.no. Så langt har over 30 lag meldt seg på.

– Vonleg vil stadig fleire sjå nytten av og ha lyst til å melda seg på, seier Leif Juvik, som er primus motor for prosjektet i avisa.

 Les meir om prosjektet her

Tanken bak nysatsinga er å gjera det lettare for mor, far og ungdomen i huset å finna den kontaktinformasjonen dei treng til det fritidstilbodet dei ynskjer å ta del i. I tillegg ynskjer avisa på denne måten å bidra til å løfta fram mangfaldet i fritidstilbod og hjelpa laga til å nå ut med informasjon, fortel Juvik.

Malen er den same som for Fagfolk-karusellen som ein finn på osogfusa.no i dag.

Sjå laga i «Liv laga» her