Sunnhordland får tre prisar i European Newspaper Award (ENA). Dei får fotoreportasje-pris for saka om sjølvmord, og pris for lokalsider for sakene om Mariann Vestbøstad Marthinsen og hundre år gamle Margit Engen.

ENA er ein design- og konseptkonkurranse, men også innhaldet i sakene til Sunnhordland er gjennomarbeidd og prisverdig. I saka om Mariann Vestbøstad Marthinsen har dei rekonstruert ulukka som tok frå henne eit bein då ho var lita jente. Historia om Margit er eit varmt og fint portrett av ein hundreåring. “Livet etter døden” set fokus på sjølvmord og dei tankane pårørande kan sitja att med. Denne har me skrive meir om i idébanken tidlegare.