Denne bildekrusellen krever javaskript.

Hallingdølen tok heile seks prisar i avisdesign-konkurransen til Society for News Design Scandinavia (SNDS). Saman med VG var dei mestvinnande norske avis i årets konkurranse.

Hallingdølen sine prisar:

  • Featuresaka «Kongar for fall», medalje.
  • Lokalsidene «Heilag torsdag», heiderleg omtale.
  • Reportasjeserien «Mikkels overmann» og «Råsterk 50-åring», heiderleg omtale.
  • Featuresaka «Siste reis», heiderleg omtale for visuell kommunikasjon.
  • Magasinsaka «Velstående enke søker bemidlet mann for mulig ekteskap. Come prepared to stay forever.», heiderleg omtale.

Den siste prisen fekk dei for beste designdetalj i klassen Visual Communication. Designdetaljen er illustrasjonen som syner parteringa av sauen utover i Siste reis-reportasjen.

Hallingdølen er ei lokalavis til inspirasjon på mange måtar. Bla gjennom vinnarsidene øvst i saka, og hent inspirasjon til både reportasjeidear, tema, layout og foto.