Denne bildekrusellen krever javaskript.

Sunnhordland vinn fire prisar i den europeiske konkurransen European Newspaper award 2016, ein design- og konseptkonkurranse for aviser.

I kategorien for nyheiter får Sunnhordland pris for nyheitsreportasjen «Tomrommet», om Tone Innvær som mista sonen sin Magnus i ei trafikkulukke 12. september 2010. Journalist Anders Totland og fotograf Marius Knutsen har laga saka, og grafisk formgjevar er Mari-Anne Korsvik.

Serien «Finaste heim» får to prisar. Ein i klassen for nyskapande avisserie, og ein for mulitimediell storytelling. Journalist Anita Haugland og grafisk formgjevar Lena Herland Eide har spela ei nøkkelroller i «Finaste Heim», den digitale utforminga står Gaute Hvoslef Kvalnes bak.

Magasinet «Mitt Sunnhordland» har fått pris for to saker i septemberutgåva. Her trekkjer juryen fram saka om Per Ståle Lønning og fotoreportasjen om brevandringa frå Folgefonna. Journalist Kjetil Østrem og fotograf Marius Knutsen har skrive og teke bilete til reportasjane som Mari-Anne Korsvik har teikna ut.

Her kan du lese Sunnhordland sin omtale av prisane.