Denne bildekrusellen krever javaskript.

Heile åtte prisar i fem ulike kategoriar til Hallingdølen i årets European Newspaper Award. Hallingdølen vart med det mestvinnande norske avis i konkurransen, og sette også ny personleg rekord. I årets konkurranse deltok 185 aviser frå 27 land.

Bla gjennom vinnarbidraga over. Prisane er i kategoriane:

Cover and coverstory

  • Testar i storm/Uvêrstesten, reportasje om den nye arbeidsmaskina til Bane Nor (Sindre Thoresen Lønnes, tekst og foto) 3. januar 2017
  • – Me veit for lite/Slutten på eit simleliv, reportasje frå slakting av tamrein (Caroline Utti tekst og Patricia Kühfuss foto) 10. desember 2016

Fotoreportasje

  • Vis meg børsa di, jakthistorier (Sindre Thoresen Lønnes, tekst og foto) 5. november 2016
  • Iskalde jenter, isklatring i Hemsil (Sindre Thoresen Lønnes, tekst og foto) 2. februar 2017
  • Nice Bitch, foto frå hundeutstilling (Mona Ødegård foto og Sindre Toresen Lønnes tekst) Haustmagasinet 2017

Visual Storytelling

  • Sioux-opprøret 1862, Vintermagasinet (Magnus Lindahl tekst og Jarle Stanes foto og grafikk) Vintermagasinet 2017

Special pages

  • Klin like/Dobbelt opp, reportasje med tvillingar (Sindre Thoresen Lønnes, tekst og foto) 14. januar 2017

Speceial Editions/Jubilee Editons

  • Jubilantar, Hallingdølen 80 år (Sindre Thoresen Lønnes, Susanne Adensfield, Signe Fuglesteg Luksengard, Jarle Stanes) 1. oktober 2016

 

Andre vinnarar:

Sunnhordland, med magasinpris.

Fanaposten, med pris for fotografisk atmosfære.

Kvinnheringen, med fem prisar i tre ulike kategoriar.

Morgenbladet vart kåra til årets beste vekeavis.