SKANDINAVISK NYHETS-DESIGN: Hallingdølen har igjen hausta header for godt nyhets-design. (Faksimile Hallingdølen 25. september 2018)

– Det er ekstra moro med Bronse for «All over design». Der har dei sett og vurdert heile avisa, seier redaktør Embrik Luksengård.

Denne gongen var det i den nordiske avisdesign-konkurransen – SND/S – Hallingdølen sanka prisar.

I alt sanka Hallingdølen fem prisar. Ein sølv og fire bronse.

Utanom bronsen for heilskapleg design, var det

  • Sølv: Best om Båstø ikkje består, i klassen Lokale sider
  • Bronse: Visuell kommunikasjon: Hallingar i den amerikanske borgarkrigen, i klassen Magasin
  • Bronse: Til verda i stova, Feature
  • Bronse: Mirakelkvinna, Lokale sider

– Alle tilsette i avisa jobbar veldig bra, både journalistar/fotografar, redigerarar på desk og grafikarar. Det er moro å sjå at me har så mange flinke folk, og at det er eit godt samspel, legg han til.