Elisabeth Berg Hass og Håvard Røyrvik i Kvinnheringen hadde ingen podkasterfaring før dei laga serie om politikk før valet. Foto: Kvinnheringen.

Det er veldig enkelt å lage podkast, og veldig gøy. Det er konklusjonen i Kvinnheringen etter at dei gav seg i kast med podkast.

Før valet laga Kvinnheringen ein podkastserie der dei intervjua kandidatar til kommunestyret. Første gjest var avtroppande ordførar Peder Sjo Slettebø (H). Det var eit lite skup av ein episode, der ordføraren fortalde om korleis manglande støtte frå varaordføraren var hovurårsaka til at han valde å trekkje seg som ordførarkandidat for Høgre.

Før episoden vart spelt inn, oppmoda Kvinnheringen lesarane til å sende inn spørsmål til ordføraren.

Dei neste episodane hadde fleire gjestar for å få diskusjon og ueinigheit.

Podkastane fekk bra med lyttarar, og dei fekk også selt reklame til fleire av episodane.

Elisabeth Berg Hass hadde det politiske ansvaret, medan Håvard Røyrvik hadde teknisk ansvar. Med god planlegging, opptak, redigering og utskriving brukte dei totalt omlag halvannan dag. Då fekk dei ein episode og gjerne ei dobbeltside til papiravisa.

– Vi hadde null erfaring før vi kopla opp mikrofonar og GarageBand. No har vi kjøpt inn tre skikkeleg mikrofonar, fortalde Håvard Røyrvik etter innspeling av første episode.

– Podkast er kjempegøy, lettvindt og gir oss stoff både til nett og papir. Og forhåpentlegvis gjer vi journalistikken vår meir interessant for yngre lesarar, konkluderte han.

No er målet å spele inn ein episode i månaden med eit spesielt tema. Elisabeth Berg Hass har akkurat laga ein episode om barn og idrett, der ho har intervjua ein som skreiv lesarinnlegg om korleis det var å oppleva at dottera ikkje fekk speletid i Norway Cup. Med seg i studio hadde dei og ei skimamma, som på ein måte er Kvinnherad sitt svar på Gjert Ingebrigtsen.

Håvard Røyrvik har planar om ein episode om reiseliv når vi kjem inn i tida der folk begynner å planlegge feriane sine.