Kvinnheringen har fått eit eigarskifte som førebels ser skitbra ut. I same avis som dei kommenterte eigarskiftet i, skulle dei visa fram skit på rasteplassen på Stripo. Dermed låg det an til ei kreativ framside der alle sakene fekk ein felles tekst:

Skiløparane gjekk skitraskt i Fjellhaugen søndag. Det viser seg at spesialrådgivar Kjell Odd Nygård slett ikkje skit i Åkra, men kulturskulen, Vaksenopplæringa, samt rus- og psykiatritenesta, er skitleie av kaoskontoret på Husnes. På rasteplassen på Stripo har fleire funne det for godt å skita i all folkeskikk, og Kvinnheringen har elles vore gjennom noko som ser ut til å vera eit skitbra eigarskifte.

– Det var nok rasteplass-skiten som fekk Tomas til å starta ball- og skitkasting. Så laga Tomas og eg eit knippe titlar, men så ville grafikar Vidar Håland heller ha ein tekst, så då laga eg den ut frå titlane me forkasta, fortel Jonn Karl Sætre.