Marsteinen syner fram årets flotte konfirmantar. Nokre av dei fortel om opplevinga av å vere konfirmant i 2019.  

 

I artikkelen får vi ei påminning om historia til konfirmasjonen:

Ordet konfirmasjon betyr stadfesting, og i kyrkjeleg handling er det ei stadfesting av dåpen. Den lutherske konfirmasjon vart påbode i Noreg og Danmark i 1736, og ein var ikkje juridisk vaksen før seremonien var gjennomført – og bestått. Konfirmasjonen var som ein offentleg eksamen. Strauk du, måtte du prøva på ny året etter. Fyrst i 1912 vart det frivillig å konfirmera seg. I dag er ritualet mjuka opp.

Journalist May Linn Clement gir oss eit innblikk i nye trendar. Mellom anna er songheftene bytt ut med musikkvideoar for fleire av konfirmantane, suppa er bytt ut med taco og på gavebordet ligg det reiser til både London og USA. Samstundes nyttar journalisten høvet til å snakke med bestemødre og oldemødre som fortel om sine eigne konfirmasjonar.

Ei oldemor fortel at kullet hennar var det fyrste som nytta kvite kapper i kyrkja:

Kappene skulle skapa ein heilskap og dekka over skilnadar i kleda ungdommane gjekk i. I etterkrigstida var det ikkje lett for alle å få tak i stoff til nye kjolar og finstas.

Linda Økland har stått for layout på saka.

Sjå også Marsteinen og Clements konfirmasjonssak frå 2017: Slik var politikarane sine konfirmasjonar