Denne bildekrusellen krever javaskript.

Festival-spesial: Skal du lage førehandssaker for ein av sommarens festivalar? Kva med å ta eit tilbakeblikk på historia til festivalen, og få nokre av dei frivillige til å mimre?

Bak einkvar vellukka festival er det eit stort og velsmurt maskineri som får ting til å gå på skinner. På Festidalen i Kvinnherad er rundt 300 frivillige i sving. Nokre bidreg året rundt, andre har det svært travelt i vekene rett før festivalen.

I 2016 inviterte Kvinnheringen festivalleiinga til ein mimrekveld om Festidalen. Dei ville ha svar på kva det er som gjer at folk gidd å planlegge, booke, rigge, rydde og stå på for å lage musikkfestival. Dei hadde alle mange minne og gode historiar. Om fellesskapet og tilliten mellom dei frivillige. Om store musikalske opplevingar. Om artistar som nakenbader og steiker vafler. Om «riderar» (lister med ting som artistane ønskjer å ha tilgang til backstage) med kvite tennissokkar, truser, lego og leikebilar.

Mona Grønningen, som laga saka i Kvinnheringen, jobbar no med nye førehandssaker til Festidalen. Ho vil gjerne ha tips til andre vinklingar. Som ho seier, når ein skriv om den same festivalen år etter år, kan det etter kvart verte vanskeleg å kome på nye måtar å gjere det på. Har du tips? Send dei til tips@lla-idebanken.no.

Her er nokre av Mona sine idear:

  • Snakk med arrangør om kva høgdepunkta på årets event er.
  • Kuriosa.
  • Frivillige om kvifor dei melder seg til teneste.
  • Sjekk ut mat/drikketilboda.
  • Mimresak.
  • Kjærleikshistoriar (var det nokon som blei kjærestar etter å ha møtst på festivalen?)
  • Prat med artistar som kjem igjen år etter år og kvifor.