Innbyggjarane i lokalavisa Møre sitt dekningsområde treng berre å gå ein stad for å finne reiseinformasjon, anten dei skal ta buss, ferje eller fly: på lokalavisa si nettside.

Avisa har samla oversikten over nyttige ferjeruter, bussruter og flyruter på framsida av nettavisa.  Bakgrunnen var at folk opplevde det som vanskeleg å bla seg fram til rutene hos dei ulike transportselskapa, fortel redaktør Tore Aarflot. No slepp lesarane å vite kva selskap som opererer dei ulike rutene for å sjekke kva tid bussen går eller om flyet er i rute. I tillegg har avisa lenke til Marinetraffic si oversikt over båttrafikk, noko som er svært aktuelt i Møre sitt dekningsområde på Vestlandet.