Kvinnheringen har aldri fått fleire tilbakemeldingar enn på kreftavisa som dei laga førre veke.

Heile seks prosent av dei som bur i Kvinnherad har kreft. Derfor valde Kvinnheringen å laga ei heil avis om temaet. Avisa kom ut på fredag, dagen før den internasjonale kreftdagen, Overskotet av avisa gjekk til kreftsaka. Kvinnheringen sette òg i gang ein innsamlingsaksjon på nett.

– Det har vore ei berg og dalbane å laga denne avisa, med mange personar som har ei vanskeleg historie å fortelja, kommenterer redaktør Tomas Bruvik.