Vågar du å kommentere valresultatet på førehand?

Foto: Tore Fjeld/Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Om ikkje, kan det vere på tide å oppsummere årets valkamp. Har bompengar, klima, sentralisering eller andre tema fått styre den lokale valkampen? Er det nasjonale eller lokale saker som påverkar flest veljarar i ditt område?

Det er liten tvil om at Senterpartiet går sigrande ut av valet i mange av landets kommunar. Senterpartiet har ei oppslutning på 17,9 prosent i Poll of Polls siste analyse av meiningsmålingar gjort i september. Analysen viser også at Senterpartiet kan bli det partiet med flest mandat totalt i landets kommunar.

Poll of Polls kårar også lokal- og regionaviser til ein vinnar i valgkampen. Lokal- og regionaviser legg ned ein imponerande innsats med å kople målingar med reportasjar og kommentarar som skaper kunnskap, engasjement og temperatur, skriv Johan Giertsen i ein kommentar på nettstaden.

Mellom avisene som vert løfta fram er Saltenposten, Grannar og Hallingdølen.

Saltenposten sine Norfakta-meiningsmålingar viser at Senterpartiet ligg an til å auka med rundt 20 prosent i fleire av dekningskommunane. I Beiarn, som har Sp-ordførar, fekk dei 54,1 prosent av stemmene i målinga.

– Hos oss opplever vi fråværet frå storsamfunnet, mellom anna med ting vi har mista, som politiet, og nå Helfo. Dette har vi snakka høgt om, og folk ser at vi fekk rett, seier ordførar Monika Sande i Beiarn til Saltenposten.

I Fauske, der Senterpartiet ikkje har vore representert dei siste fire åra, tyder målinga på ein oppslutnad på kring 20 prosent om den nye lista, sjølv om dei ikkje har stått på stand eller vore særleg aktive på andre måtar i valkampen.

Saltenposten har hatt fleire nyheitssaker og leiarar om målingane. Her kan du sjå ei av sakene som pdf.

– Det er eit veldig spennande val, og vi har klart å halde valkampdekninga lokal. Meiningsmålingane har skapt lokalt engasjement, seier redaktør Frank Øvrewall.

Senterpartiet sin framgang er i stor grad ein reaksjon på nasjonal politikk med lokale konsekvensar. Hallingdølens journalist Magnus Lindahl skriv i ein valanalyse om korleis Senterpartiet har segla på ei bølge av motstand mot reformer i kommunar, regionar, politi og skattekontor.

Hallingdølen og NRK inviterte nyleg til debatt om nasjonal distriktspolitikk og konsekvensar for regionen. I panelet stilte stortingspolitikarar frå Buskerud og Viken. Debattleiar var Bjarne Tormodsgard i Hallingdølen. Debatten vart streama på NRK og Hallingdølen.

Eit kraftfullt distrikt må ha arbeidsplassar og arbeidskraft, og næringslivet må tjene pengar. Mange stader i distrikta går folketalet nedover. Eit av problema er mangel på arbeidsplassar for dei med høg utdanning, sa regionrådsleiar i Hallingdal, Knut Arne Gurigard, i ei innleiing til debatten.