Det kostar å eige bustad. På Stord er det dyrare enn i nabokommunane, skriv Stord24. Finn tala for din eigen kommune.

På Leirvik brygge og generelt på Stord er det dyrare å eige bustad enn i nabokommunene. Foto: Skjermdump frå Stord24.

Stord er den dyraste kommunen å bu i regionen. Og dyrare vert han, kan Stord24 melde. Dei har brukt ferske tal frå Huseiernes Landsforbund som reknar ut bukostnadane for ein einebustad på 120 kvadratmeter for alle kommunar i landet. Dei legg saman eigedomsskatten, kommunale gebyr, energikostnadar, rentekostnadar, forsikring og vedlikehaldskostnadar. Her finn du tala for alle kommunar.

No er desse kostnadane på Stord 95.024 kroner i året. Det kan bli ei ytterlegare auke til neste år. Stord-rådmannen føreslår nemleg i sitt framlegg til budsjett for 2020 å auke årsgebyr for vassforsyning med 16,3 prosent, avløp med 17,4 prosent. Renovasjon er foreslått auka med 12,0 prosent, skriv Stord24.