Vesle Fusa kommune har teke imot 71 flyktningar dei siste fem åra. Korleis har det gått med dei? Os og Fusaposten har møtt nokre som er godt i gang med å bli ein del av lokalsamfunnet.

 

 

 

Det er ikkje lett å bli ein del av eit samfunn der ein kanskje ikkje forstår verken kulturen, språket eller bokstavane. Flyktningkonsulenten og vaksenopplæringa i Fusa skryt av flyktningane og jobben dei gjer for å bli ein del av det norske samfunnet. Journalist Anne-Marie Aarøen Vangsnes skriv om nokre av dei i ein seks siders reportasje.
Journalisten fekk hjelp frå flyktningetenesta til å finne gode intervjuobjekt. Nokre hadde tolk med, andre greidde seg utan. – Det var utelukkande positive og fine møte. Vi snakka mest om det nye livet i Norge og ikkje kva dei flykta frå. Etterpå fekk dei hjelp frå flyktningerenesta med å lese gjennom og rette sakene før dei kom på trykk, fortel ho.
 

Her kan du sjå heile reportasjen.