Dei fleste kommunar vektar miljø mindre enn 30 prosent i offentlege anbod. Det viser Framtida.no si klimaundersøking.

Fanaposten har brukt Framtida.no si sak, og supplert med eige intervju med kommunen.

 

 

Av dei 160 kommunane som har svara på undersøkinga, er det berre ti kommunar som har svara at dei vektar miljø meir enn 30 prosent i anboda sine. 23 svarar at dei vektar miljø akkurat 30 prosent. Resten vektar miljø mindre enn 30 prosent, ifølgje undersøkinga som Framtida.no har sendt til alle kommunane i landet.

Her finn du Framtida.no si sak, og svara frå kommunane, til fri bruk. 

Offentleg forbruk og investeringar fører til utslepp av rundt 12 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Mesteparten av dette oppstår gjennom offentlege anskaffingar, ifølgje Asplan Viaks rapport Klimafotavtrykk av offentlige anskaffelser. For kommunane er dette eit viktig høve til å redusere klimagassutsleppa.

I forskrift om offentlige anskaffelser heiter det:

7-9.Minimering av miljøbelastning

Oppdragsgiveren skal legge vekt på å minimere miljøbelastningen og fremme klimavennlige løsninger ved sine anskaffelser og kan stille miljøkrav og kriterier i alle trinn av anskaffelsesprosessen der det er relevant og knyttet til leveransen. Der miljø brukes som tildelingskriterium, bør det som hovedregel vektes minimum 30 prosent.

– Difi har ingen høve til sanksjonera kommunane, opplyser Sarah Fossen Sinnathamby, seniorrådgjevar ved avdeling for offentlege anskaffingar ved Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) til Framtida.no. Difi har laga ein kriterievegvisar med krav, kriterium og kontraktsvilkår som innkjøparar kan bruka for å stilla krav til og premiera miljø og sosialt ansvar i innkjøpa sine innan transport og bygg.

Regjeringen har lova auka merksemd på klima og miljø i offentlege innkjøp. Dei la i april fram ei stortingsmelding om offentlege innkjøp. Dei varsla samtidig at dei vil utarbeide ein handlingsplan som skal bidra til å auke delen klima- og miljøvennlege offentlege anskaffingar og grøn innovasjon.

Ei undersøking som Oslo Economics og Inventura har gjort for Nærings- og fiskeridepartementet viser at effekten av klima- og miljøkrav kjem an på om oppdragsgjevaren har den rette kompetansen. Mange kommunar manglar denne kompetansen.

Oslo Economics har også sett på verknadane av å ta klima- og miljøomsyn i offentlege anbod. I dei ti anboda dei vurderte i 2017, konkluderte dei med at klimagassutsleppa i dei fleste tilfella blei redusert med mellom 30 og 80 prosent som følgje av klima- og miljøkrav.

Har din kommune klart å redusere klimagassutsleppa gjennom offentlege innkjøp?

Korleis vektar din kommune klima og miljø i anboda sine? Dersom kommunen ikkje har svara på Framtida.no si undersøking, kan du sjølv ta kontakt med kommunen og spørje. Det gjorde Fanaposten. Dei fekk til svar at kommunen enkelte bruker miljøkrav i enkelte anbod. Andre gongar legg dei heller vekt på det i kontrakten.

På miljokommune.no kan du lese meir om klimavennlege innkjøp i kommunane. Der finn du mellom anna rettleiing i fossilfrie byggjeplassar og verktøy for å rekne ut klimaeffekten av ulike lokale klimatiltak. Kanskje du vil kontrollere om kommunen kunne spart pengar på å stille strengare klimakrav i innkjøpa sine, eller undersøke kor lang tid det ville ta å betale ned eit solcelleanlegg på rådhuset?

Med Fritt Ord-støtte har Framtida.no, Energi og Klima, ABC Nyheter og Landslaget for lokalaviser starta eit stort klimajournalistikk-prosjekt. Målet er å lage kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk som når mange lesarar, både ungdom og vaksne, og setje dette på dagsordenen for å bidra til klimaløysingar lokalt. Artiklane, inkludert bilde og faktaboksar m.m. er tilgjengelege for fri bruk i lokalavisene. Du finn dei her. Mappa blir oppdatert kvar veke.