Kvinnheringen har laga sin eigen humorserie om lokalpolitikken. Ideen kom frå den engelske serien Little Britain.

Vesle Kvinnherad handlar om lokalpolitikk og kommuneval, men med eit skarpt skråblikk. Den nyskapande programserien brukar humor og satire for å få fleire unge til å interessera seg for politikk. Målet er auka valdeltaking.

Her kan du sjå første episode.

Sjå også episode fem, der dei mellom anna spør kvifor ungdom ikkje er meir engasjert i politikk.

Serien har hatt bra med sjåarar. Over 1500 har sett episode ein, noko som er eit ganske bra tal for Kvinnheringen. Episode to, som var lukka, har 1100. Talet på sjåarar har gått litt ned etter kvart.

– Det er vel naturleg. Folk blir først nysgjerrige på kva dette er, så blir dei som vil følgja med med vidare, kommenterer journalist og nettansvarleg Håvard Røyrvik.

Julekalenderen Kamp Kvinnherad hadde rundt 1000 sjåarar i snitt.

Ideen til prosjektet kom frå Stian S. Olderkjær, ein skodespelar som er gift med ei som jobbar i marknadsavdelinga til Kvinnheringen. Han var inspirert av det Kvinnheringen hadde fått til med Kamp Kvinnherad. Ideen fekk han frå Little Britain, den engelske serien.

– Eg fann ut at valdeltakinga for fire år sidan berre var 56 prosent. Altfor lite, spør du meg. Viss ein vil vera med å påverka, må ein i alle fall stemma fram dei politikarane ein har tru på. Derfor har eg brukt kreativiteten min til å tenkja ut ein måte å auka interessa for politikk blant unge og andre på, sa Olderkjær til Kvinnheringen i dette intervjuet om serien.

Olderkjær spelar alle dei sju rollane i filmserien. Han reiser rundt i bygdene og snakkar med folk om det eine og andre som gjeld lokalsamfunnet.

Med seg i produksjonen har Olderkjær hatt to frilansarar, som Kvinnheringen bruker til streaming.

I samarbeid med Kvinnheringen vil filmteamet òg arrangera ein politisk debatt med alle partia. Denne blir interaktiv på den måten at sjåarane kan stilla spørsmål undervegs i sendinga. På sjølve valdagen blir det ny direktesending frå eiga valvake med ny vri.

Av Laila Borge