Valget førte til store omveltingar i mange kommunar. (Illustrasjonsfoto: Valgdirektoratet)

Fleire lokalaviser opplever skakingar i lokalpolitikken. Det kan føre til at journalistane bryt ut av vande mønster, meiner Bengt Morten Engan ved Nord Universitet.

Innbyggjarane i 119 eksisterande kommunar røysta på representantar til heilt nye kommunar i årets val. Også i mange av kommunane utan endra grenser skjedde det store endringar i det politiske kartet. Nye konstellasjonar med fleire parti kan gje fleire konflikter, sa valforskar Peter Egge Langsæther (NTNU) til Dagbladet etter valet. 

For lokalavisene kan dei politiske endringane bety at nye tema kjem på dagsorden. Til dømes kan Senterpartiet setje sentralisering på dagsorden på nye stader, medan Miljøpartiet dei Grøne kan få fram saker knytt til miljø og klima. 

– Det er påfallande lite journalistikk om klima- og miljøpolitikk i lokalavisene, seier førsteamanuensis i journalistikk Bengt Morten Engan ved Nord Universitet til LLA. Han har skrive eit kapittel om lokalmedier og politikk i boka Blindsoner og mangfold som vert lansert 31. oktober. Undersøkingane som er grunnlag for kapittelet, viser at lokalavisene har mange saker om politikk, men at til dømes næringslivspolitikk og klima og miljø vert lite dekka. 

– I det lange løp er det veldig uheldig at store politikkområde vert lite dekka. Eg meiner alle skakingar i politikken vil vere av det gode for journalistikken, fordi det kan motverke vanetenkinga. Journalistikken er evig nok rutineprega, seier Engan. 

Han gjorde ein studie i 2015 som viste at pressa dekka det som kom av utspel frå politikarane, og i liten grad sjølv fant fram til nye politikkområde. Han trur difor at pågåande enkeltpersonar i kommunestyra kan klare å setje nye tema på dagsorden. 

Vil endre planar for ny kommune

I enkelte kommunar er det støy allereie før kommunestyra har konstituert seg. I nye Fjord kommune har Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet blitt einige om å snu om på intensjonsavtalen mellom Stordal og Norddal kommunar frå 2016. Planen har vore at rådhuset skal ligge i Norddal og helseadministrasjonen i Stordal, men no kan dette bli byta om på. Det har skapt uro hjå dei tilsette, som har blitt usikre på kvar arbeidsplassen deira skal vere i den nye kommunen, fortel redaktør Britt Ingunn Maurstad. 

Sjå sak i Storfjordnytt.

– Dette følgjer vi sjølvsagt tett. Avisa har vore full av lesarinnlegg sidan det blei kjent, så det er tydeleg at folk er opptekne av dette, seier ho. 

Årsaka til heilomvendinga er at Høgre har kome i ein posisjon der dei kan velje kven dei vil samarbeide med. Høgre var under valkampen tydelege på at dei ønskte å snu om på intensjonsavtalen. Difor stilte redaktøren spørsmål til dei andre partia om dette under valdebatten som Storfjordnytt arrangerte. 

– Ap og Frp var dei einaste som ikkje avviste det, seier ho. 

Det nye kommunestyret skal konstituere seg på tysdag, men sakslista på konstituerande møte er regulert av kommunelova. 

– Avklaringa av kvar kommunesenteret endar opp, kan tidlegast skje på første ordinære kommunestyremøte 30. oktober, seier Maurstad. 

Det blir i alle fall ikkje kjedeleg å dekkje kommunepolitikken framover, konkluderer ho.

Vart ikkje ordførar likevel

Det er spennande med omveltningar i lokalpolitikken, men for ei lokalavis som ikkje er på nett, kan det også vere frusterande med slike raske skifte. I Sveio vart det mykje fram og tilbake om kven som skulle bli ordførar. Arbeidarpartiet vart størst, og folk venta at dei ville få ordføraren. Så inngjekk Senterpartiet og Høgre ein samarbeidsavtale, og Vestavind lanserte Monica Vandaskog Valen (Sp) som ny ordførar. Men så valde to av Høgre-representantane å melde seg ut av partiet. Dermed mista koalisjonen fleirtalet, og Arbeidarpartiet fekk igjen ordføraren.  

Vestavind har førebels ikkje nettavis, og valde derfor å oppdatere lesarane via Facebook med bilete og korte meldingar. Fungerande redaktør Iris Elin Ullvang forsto raskt at folk var hungrige på informasjon. 

– Når dei først får litt, vil dei vite meir med ein gong, seier ho.

Folk begynte å kommentere og spekulere i kommentarfeltet, og ho måtte oppmode folk om å ikkje vere ufine mot kvarandre. I papiravisa gjekk ho i djupna av saka med seks ulike kjelder.