Sogn Avis har rulla opp ein offentleg arbeidsplass prega av maktmisbruk, mobbing, trakassering og fleire varslingssaker. No har redaktør Jan Inge Fardal fått LLAs journalistpris for arbeidet. 

Det ligg godt og grundig kjeldearbeid, uthald, graving og systematikk bak sakene om Sogn barnevern. Det seriøse arbeidet har fått kjeldene til å opne seg om dei vanskelege tilhøva.

– Ein lette å få kreftdiagnosen, sa ei av dei tidlegare tilsette i barnevernet til Sogn Avis. Ho var glad for å verte sjukmeld og sleppe den uuthaldelege kvardagen på jobb.

I denne dokumentaren frå januar 2017 fortalde ti tidlegare tilsette om tida dei jobba i Sogn barnevern.

Sogn Avis har skrive om arbeidsmiløproblem i Sogn barnevern heilt sidan 2013-2014. Våren 2016 spurde dei seg: Kvifor og korleis kunne det skje at 16 barnevernsfagleg tilsette slutta på kort tid – i ein organisasjon med berre 15 faglege stillingar?

Desse spørsmåla har ført til meir enn 100 oppslag i Sogn Avis, 14-15 leiarartiklar og ei PFU-klage mot Sogn Avis som kommunen betalte advokat Jon Wessel-Aas 106.000 for å skrive. På bakgrunn av Sogn Avis sine avsløringar bestilte kommunestyret ei ekstern gransking av arbeidsmiljøet i Sogn barnevern. Granskinga kosta Sogndal kommune meir enn 1,2 mill. kroner, og ordførar og rådmann freista å halde rapporten etter granskinga hemmeleg for alle andre enn seg sjølve og kontrollutvalet. Det har også vorte reist mistillitsforslag mot rådmannen.

Juryen skriv:

Mange journalistar har brent fingrane på å røre ved barnevernet. Det gjer det ekstra viktig med godt journalistisk arbeid på feltet. I ein lang artikkelserie i Sogn Avis har redaktør Jan Inge Fardal gått systematisk til verks for å avdekkje tvilsame sider ved organisering og drift av Sogn barnevern; blant anna varslingssaker, omplassering av folk, mobbing, trakassering og sladda rapportar. Det ligg eit uvanleg grundig og godt journalistisk arbeid bak sakene. Kommuneleiinga står att utan ære – i motsetning til avisa. Sogn Avis fortener journalistprisen for 2017.