Alle får dei same spørsmåla i Grannar sin presentasjon av listetoppane. Spørsmåla kan vere relevante for fleire kommunar.

Grannar presenterer alle listetoppane i Etne og Vindafjord. Dei får spørsmål som kan seie noko om politikken dei står for ved årets val. I papiravisa er kvar av kandidatane gitt ei heil side. Her kan du sjå ei av nettsakene.

Spørsmåla som vert stilt:

— Kva er den viktigaste saka du vil jobbe med lokalt – og kvifor?

— Kva tiltak og rolle kan kommunen ha for å få ned utslepp av klimagassar?

— Er du for eller mot at det bli etablert vindturbinar i kommunen – og i tilfelle kvar vil du at dei skal plasserast?

— Bør det bli fleire bomstasjonar i kommunen for å finansiere vegutbygging?

— Vil du arbeide for at Etne skal slå seg saman med nokon – og i tilfelle kva kommune?

— Korleis stiller du deg til privatisering av kommunale tenester.

— Vil du bevare skulestrukturen slik den er i dag. Om ikkje, kva endringar ser du for deg?

— Kommunen må truleg redusere i driftsutgifter – har du eitt forslag som kan ha vesentleg effekt i den retninga?

— Bidrar kommunen nok til frivillige lag og organisasjonar?

— Kva er den viktigaste saka for barn og unge som du vil arbeide for?

Av Laila Borge