Før sommaren sende vi ut eit idéhefte til alle LLA-redaksjonane. Halve heftet var fylt av redaksjonelle idear. Her kan du bla i eit digitalt hefte med dei redaksjonelle ideane.

I heftet finn du mellom anna saker om likekjønna vigsel, om den grøne næringa, om å leva med Aspergers, om mangelen på læreplassar og om mottak av flyktningar. Vi har eit kapittel om digital utvikling, der du kan sjå døme på bruk av ulike verktøy for digital historieforteljing. I eit kapittel kalla «Det lille ekstra» finn du døme på aktivitetar ut over det typiske avisproduktet. Vi har også eit eige kapittel om lag og organisasjonar.