Bø blad klarer å presentere dei 12 øvste kandidatane på alle partilistene før valet. I enquete-form får dei nærare hundre kandidatane spørsmål om hjartesaka si, og om kvifor folk bør stemme på dei.

– Vi presser dei til å koma med ei lokal hjartesak. Det holder ikkje at dei berre svarar “helse”, seier redaktør Hilde Eika Nesje.

I vedlegget kan du også lese saka om MDG som kan kome på vippen i Bø. Det viste ei meiningsmåling som Bø Blad fekk gjennomført tidlegare i sommar. Meiningsmålinga gav stoff til fleire saker, i tillegg til at ho fekk fart i debatten.

– Folk synest det er interessant med meiningsmålingar. No går dei og ventar på neste måling, seier Eika Nesje, som planlegg ei ny meiningsmåling før valet.

LLAs samarbeidspartnar Norfakta Markedsanalyse gir gode prisar på meiningsmålingar til LLA-avisene.