Denne bildekrusellen krever javaskript.

Hordaland Folkeblad sine lesarar har fått eit heilt spesielt magasin. Her får dei djupare, meir tidlause reportasjar i ei tiltalande grafisk innpakking.

Hordaland Folkeblad dekkjer eit område som ligg på begge sider av den avlange Hardangerfjorden. Dette ville dei spegle i eit avlangt magasin som fekk namnet Bygdalangs. Med eit format på 220 x 340 mm og matt, tjukt papir, vart det eit elegant resultat.

Elegant er også layouten. Avisa har nyleg tilsett ein eigen grafikar. Tidlegare har redaktør Sigbjørn Linga tatt seg av det grafiske arbeidet.

– Me ønskjer heller å bruke folk til det dei er best til, forklarer dagleg leiar Camilla Skaar.

Over kan du bla gjennom dei første to reportasjane i magasinet.

Første magasin var heilt utan annonsar, men eigne Bygdalangs-annonsar var samla på midtsidene i papiravisa (sjå under). Avisa skreiv teksten til dei fleste annonsane sjølv. Dei ville sjølv ha hand om utforminga av annonsane, og målet var at annonsane skulle sjå like ut og ha godt språk.

– Det var varierande korleis dette vart mottatt. Nokon vil jo helst skilje seg ut. Men vi har fått fleire tilbakemeldingar på at folk faktisk har lest desse annonsane, seier Camilla Skaar.

Neste gong kjem annonsane i magasinet. Dei ønskjer ikkje kjøpsutløysane reklame for produkt. I staden er planen å presentera folk i bedriftene. Dei har laga eit døme på ein slik annonse, der dei presenterer den nytilsette grafikaren.

Hordaland Folkeblad har fått mange positive tilbakemeldingar på magasinet.

– Vi gjer ofte det same igjen og igjen, kvart einaste år, utan å tenkje oss så mykje om. Eg trur det er lurt å prøve noko heilt anna, seier Camilla Skaar.

Slik skildrar redaktør Sigbjørn Linga magasinet på side 3:

Me vil vandra gjennom og mellom bygdene våre og sjå etter dei gode historiene, utan eit klart avgrensa tema, men med nokre fellestrekk i artiklane: Gjennom til dømes bruk av luft, store og gode bilete og andre gjennomtenkte grafiske element skal dei vera så visuelt tiltalande at dei inviterer til lesing. Både gode og mindre gode nyhende vil få sin plass, men artiklane skal helst vera ein del grundigare, bora litt djupare og ha eit meir tidlaust preg enn artiklane ein finn i den ordinære avisa to gonger i veka. Nokre element vil gå att i Bygdalangs. Gode forteljingar og interessante intervjuobjekt i bygdene våre skal utgjera kjernen. Magasinet skal dessutan ha truverd ved å retta seg etter vanlege presseetiske reglar.

 

Denne bildekrusellen krever javaskript.