Vaksdalsordføraren fremja hemmelege saker på formannskapsmøtet. Det får han krass kritikk for i Hordaland.

– Det er berre formannskapet sjølv som kan lukka møtet sitt. Det er heilt meiningslaust å senda ut innkalling på førehand der ein bruker nemningar som “orienteringar i lukka møte”, seier Gunnar Bodahl-Johansen til avisa.

Han poengterer at heile vitsen med ei innkalling og ein agenda, er å fortelja både møtedeltakarar og ålmenta kva som skal handsamast.

– Å opplysa om kva saka gjeld på førehand, vil vera mogeleg – utan å røpa opplysingar som er underlagde teieplikt, slår han fast.