Strandbuen fekk heiderleg omtale i «Årets lokalavis». Avisa skil seg ut med veldig god og aktuell dekning av barn og unge, skreiv juryen.

Strandbuen er lokalavisa for Strand, Forsand og Hjelmeland i Rogaland. Avisa kjem ut på papir kvar onsdag og fredag, og nett med jamnlege oppdateringar. Avisa har eit godkjent opplag på 4770.

Strandbuen fekk mellom anna skryt for den gode og aktuelle dekninga av barn og unge. Juryen løfta fram avisas sak om nettvett og spel. I ei sak på ti delar skreiv dei om medievanane til born i ulike aldrar, basert på Medietilsynet si undersøking men med lokale born, ungdommar, foreldre og ekspertar som kjelder. Saka hadde også enkle videoar og grafikk.

Juryens begrunnelse:

Strandbuen set dagsorden i lokalsamfunnet og har eit tydeleg nyhendepreg. Avisa skil seg ut med veldig god og aktuell dekning av barn og unge, mellom anna har avisa hatt ei flott sak om nettvett og spel. Avisa prioriterer tydeleg foto, har mange notisar, stoppunkt og gjennomgåande god grafisk formgjeving. Strandbuen er rett og slett ei gjennomført og heilstøypt lokalavis. Også på nett er avisa god, men ho kan bli endå betre i åra som kjem.

Juryen er også kjent med avisa si svært gode marknads- og omdømmearbeid over tid.

På mange måtar er Strandbuen godt i siget og fortener heiderleg omtale i Årets lokalavis-konkurransen til LLA.

Juryen bestod av Inger Boldvik, Drammens Tidende, Eivind Andrés Fjellstad, Institutt for journalistikk og Roger Aarli-Grøndalen, Journalisten.