Denne bildekrusellen krever javaskript.

Journalist Caroline Utti og Hallingdølen fekk heiderleg omtale i LLAs journalistpris for måten dei har dokumentert kampen mot skrantesjuke på villrein. 

Hallingdølen har skrive over hundre artiklar om skrantesjuke på villrein i Nordfjella i løpet av 2017 og 2018. Vinteren 2018 vart over 2000 villrein utrydda frå området mellom Hallingdal, Lærdal og Aurland som tiltak i kampen mot skrantesjuka. Hallingdølen har, som ein av få medier, følgd denne prosessen svært tett. På nyheitssider, i leiarar og i lesarbrevspaltene. Debatten rundt kva tiltak som er mest fornuftig har i stor grad pågått i Hallingdølen. Avisa har sjølv trekt opp opp problemstillingar, og avisa har bidratt til debatten på ein konstruktiv måte. Reporterar har vore ute i felten saman med jegerar og representantar for forvaltninga. Status rundt nedskytinga er i kvar avis framstilt grafisk.

Det er journalist Caroline Utti som har hatt ansvaret for skrantesjuke-dekninga. Artiklane hennar har engasjert så vel menigmann som ansvarlege i Mattilsynet og statsrådar. Ho var også mellom dei ti finalistane i LLAs fotopris for bildeserien i ein reportasjane frå nedskytinga. 

Hallingdølen har teke samfunnsansvaret på alvor, og bidratt til å få fram fakta om skrantesjuke på villrein, debattere tiltak og dokumentere utføringa i fjellheimen på ein glimrande måte.

Juryens grunngjeving:

Caroline Utti og Hallingdølen fortener heiderleg omtale for måten dei har dokumentert kampen mot skrantesjuke på villrein, og tiltaka som blei sett inn, som gjorde at over 2000 villrein blei utrydda. Avisa og journalisten har vore uthaldande og vist journalistisk spennvidde. Med nærgåande og grundige nyheitsartiklar har dei heldt tak i ei fortlaupande utvikling, tydeleg med eit mål om å vere nyheitsleiande i saka. Med tette, nærgåande og visuelle reportasjar av fotografisk svært høg kvalitet har dei kome tett på menneske, natur og dyr, og slik bidrege til å skape forståing rundt vanskelege val, tilført nyansar i sakskomplekset og auka kunnskapen hos lesarane. Redaksjonen har skapt og opna for debatt i spaltene sine rundt ei omstridd og omfattande sak – utan klare svar. Ambisjonen om å dokumentere så grundig og omfattande over tid viser ei lokalavis som er medviten sitt samfunnsoppdrag.

Juryen har bestått av Kjersti Løken Stavrum, Stiftelsen Tinius, Bjørn Asle Nord, Bergens Tidende og Kristine Holmelid, Senter for undersøkende journalistikk.