Ingerid Jordals foto av den vesle guten og den store skulebussen påverka juryen i «Årets lokalavisfoto».

Fotojournalist Ingerid Jordal i Avisa Hordaland fekk heiderleg omtale i LLAs «Årets lokalavisfoto» for biletet av 7 år gamle Eirik Nestaas ved sida av skulebussen han sat i då bussen køyrde av vegen. Det var ingen skadde i utforkøyringa, difor følte fotografen seg friare enn om det hadde vore ei tragisk ulukke. Ho ønskte å fange det spesielle i at 7-åringen var den einaste passasjeren på den store bussen.

– Eg tok bilete då Eirik stod nærare meg, men då han gjekk bort til bussen såg eg det vesle, sårbare mennesket opp mot den svære bussen. Det var ei ulukke som kunne gått skikkeleg gale, seier ho til Avisa Hordaland i ein omtale av biletet.

Juryen skriv:

Bildet med Eirik Nestaas og skulebussen påverker juryen etter det som må ha vore ei skremmande oppleving for alle som var i bussen. Fotografen har følgt opp ei nyhende på ein fin og respektabel måte. Dette bildet vil stå seg i lang tid.