Fjukens handle lokalt-kampanje fekk heiderleg omtale i marknadsprisen til LLA. 

For å skape merksemd om lokal handel, laga Fjuken gratislodd som deltakarane kunne få i lokale butikkar og næringsverksemder som deltok i kampanjen. Alt folk måtte gjere for å delta var å  å fylle ut korta med namn og telefonnummer og leggje i postkassar som var plassert hjå hovudsponsorane.

Hovudpremien var eit års bruk av ein Citroën C3 Aircross. Månadspremiar var gåvekort frå lokal Coop på 1500 kroner. I tillegg hadde dei sporadiske ekstrakonkurranser/trekkingar med premiar frå lokalt næringsliv. Gassgrill, kamera, høgtrykksvaskarar m.v. Konkurransen var i nært samarbeid med hovudsponsorar: Bilforhandlar, Coop og lokalbank.

Kampanjen vart synleggjort med med heilsideannonsar nesten kvar veke, samt ymse annonsar på bannerplass i nettavisa og redaksjonell omtale (også content).

Butikkene og verksemdene som var med i kamanjen betalte ein månadleg sum for å vere med. Det dei fekk att var gratislodd å dele ut til sine kundar, merksemd via logoannonser i løpet av året, samt positiver ringverknandar av å vere med i dugnadsgjengen.

Det vart meldt om ville tilstandar i enkelte av dei mindre butikkane. Folk kom innom fleire gonger om dagen for å handle og få gratislodd. Coop-butikkane var også svært aktive med andre annonser. Kampanjen ga 67% auke i annonseomsetnad 2017-2018. Alle sponsorar frå 2018 har sagt umiddelbart ja til å bli med vidare i 2019.

Totalt vart det innlevert over 30.000 gratislodd. Trekkingsvideoen var den 4. mest sette nettsaka i desember.

Juryen skriv:

«Fjuken sin nye «handle lokalt»-kampanje er tiltalande og moderne. Avisa dyrkar det lokale på ein kreativ måte – og Fjuken nyttar fleire plattformer og verkemiddel for å få folk til å handle i lokale butikkar: mellom anna papir, nett, eigenannonsar og innhaldsmarknadsføring. Avisas «E handle lokalt»-aktivitetar har skapt engasjement og har gitt gode resultat.»

Juryen har bestått av Anette Søvik Korslund, Red Media, Øyvind Bladt Hagen, Amedia og Jan Morten Drange, Anfo.