– Me ønskjer oss kommuneval kvart år, seier redaktør Håvard Sætrevik i Grenda.

For lokalaviser landet rundt var måndag ein av dei viktigaste, travlaste og kjekkaste dagane på fleire år. Mange aviser gjorde ein formidabel innsats valkvelden. Grenda slo til med si første fullverdige live-sending. Ei veke før valet streama dei ein debatt, men det var mest som ein test å rekne før sjølve ilddåpen valkvelden. Då hadde dei fire timar sending med direktesende intervju, kommentarar, grafikk og fortløpande oppdatering av valresultat.

Håvard Sætrevik og journalist Morten Nygård var programleiarar, medan dagleg leiar Jarle Håvik var kameramann og produsent. Grenda har kjøpt inn videokameraet Canon XA11, og hadde prøveperiode på produksjonsprogrammet Wirecast, som ga dei det dei trong for ei slik sending.

Grenda starta live-sendinga klokka 19.30, halvannan time før dei første resultata kunne presenterast.

– Den tida brukte vi til å snakke med ein del av ordførarkandidatane og andre framtredande politikarar. Det ga oss tid til å snakke oss varme, og vi fekk fleire gode intervju som vi ikkje hadde rekna med på førehand, seier Sætrevik.

Nokon detaljplan for sendinga hadde dei ikkje, men dei hadde førebudd eit Excel-ark som dei kunne fylle ut etter kvart som stemmene tikka inn, for å sjå kven som var nær ved å kome inn, og kven som hadde usikre mandat. Då resultata byrja å kome klokka 21 var dei mentalt førebudde på å kommentere og få reaksjonar frå politikarane.

No trur Sætrevik at det vil koma fleire direktesendingar på TV Grenda.

– Kanskje vi skal arrangere direktesende debattar utanom vala også, når det er saker som engasjerer, seier han.

Til neste gong tek han med seg lærdom om alt frå lyssetting og kameravinklar til programvare og grafikk. Samstundes trur han ein slepp unna med at kvaliteten ikkje er feilfri under ei livesending, då det viktigaste er å formidle det som skjer der og då.

Medan tre mann var opptekne med livesendinga, var dei siste to journalistane på jobb for å lage tekst- og bildesaker. Utover kvelden publiserte dei ti-tolv saker. Nettavisa hadde omlag same trafikk på ein kveld som dei vanlegvis har på ei veke.

Av Laila Borge