I ei ti siders sak grev Kvinnheringen i historia om korleis eit problembygg brått vart den ideelle løysinga for servicesenter på Husnes.  

Ein del politiske prosessar kan vere vanskelege å føgje over tid. Iblant er det også vanskeleg å forstå kvifor vedtaket vart som det vart. Stemte politikarane på det alternativet dei meinte var best, eller hadde dei andre motiv? Kanskje må journalistane bruke litt ekstra tid på slike saker for å avdekke fleire lag.

Våren 2015 var det ein større vasslekkasje i bygget «Aksen» i Husnes sentrum. Kvinnherad kommune leigde lokale i bygget til fleire offentlege kontor. Fleire av dei tilsette såg allereie på lokala som ueigna, og då dei flytta ut av lokala håpa dei at dei ikkje skulle tilbake. Men utan grundig utgreiing av alternative løysingar gjekk fleirtalet i kommunestyret heller inn for å kjøpe og oppgradere bygget, til ein førebels pris på 115 millionar kroner.

Kva var det som skjedde, spør Kvinnheringen. I ein større reportasje stiller dei kritiske spørsmål, grev djupare i historia og gjev lesarane ei oppsummering og eit innblikk i prosessen og dei ulike argumenta.

Les heile saka her.