Bømlo-nytt med redaktør Randi Olsen i front, saman med (f.v.) markedssjef Frida Austestad, salsjef Hege Jacobsen og journalist Ingvild Sjo.

Det starta med eit tips om ein app for å minska mat-svinn, men redaksjonen i Bømlo-nytt tok ideen vidare og laga ei konseptavis om miljø.  Og mildt i det heile dukka plast-torsken opp.

Av Elin Madsen

 

— Me tok miljøvinklinga heilt ut, fortel redaktør Randi Olsen. Dermed vart ei vanleg onsdagsavis gjennomført grøn! Dei fleste som har laga ei konsept-avis har planlagt gjerne grundig for å komma i mål. Men iblant må ein berre smi mens jernet er varmt.

Bømlo-Nytt fekk ikkje tak i grønt avispapir, men eit lysegrønt raster under alle sakene lemnar ingen tvil om miljø-fokuset.

Kaffi på gangen med journalist Nils-Tore Sele og redaktør Randi Olsen.

 

 

 

Kvardags-stunt

— Me har mange gonger lyst å gjera noko ekstra. Det manglar ikkje på idear, men med 4,6 redaksjonelle årsverk, inkludert redaktør, er ressursane avgrensa og me måtte halda oss innan dei rammene me har, seier Olsen. Mange av sakene «gav seg sjølv», for miljøavisa vart til i vår då skular og foreninger landet rundt samla plast. Strandryddinga i Bømlo kommune, fekk brei plass i bladet.

 — Det blei ei miljøavis det var gøy å laga, seier Olsen. Avisa spenner frå plastmottaket i det lokale renovasjonsselskapet, el-bilar, miljø-ferje, Grøn konferanse i den største industriverksemda, venterom som fløymer over av søppel, sosialt miljøet i eit kor, og sjølvsagt restauranten som gjer eit stunt for å redusera mat-kasting.

— Og midt oppi dette dukka torsken som hadde svelt ei stor plastflaske opp. Torsken gjekk landet rundt i både små og store kanalar, riksmedier og sosiale kanalar. Men det på Bømlo det skjedde, midt i lokalavisa sitt miljø-stunt. Så den store torsken med ei halv brusflaske i magen kom med.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Hovudet over vatnet

I motsetning til den stakkars torsken som ikkje ville kunna levd lenge med ei plastflaske i magen, ser det bra ut for Bømlo-nytt.

Midt i bygda, på Sortland som er kommunesenteret i Bømlo kommune, ligg Bømlo-nytt sin redaksjon i andre etasje i gamle-banken.

— Me har det stramt, men det er inga krise. Me har skunda oss litt sakte dei siste åra. Me har nettavis, e-avis og e-arkiv. Me er mèd, men har teke alt i vårt tempo. Det er framleis papiret me lever av men me sel etter kvart ein del annonsar på nett, seier Olsen. Avisa har gått frå tre til to utgåver, samstundes som dei har auka nettpublisering. Og held hovudet over vatn, slik lokalavis for øykommunen Bømlo har gjort i snart 45 år.