Redaktør Svein Gjerdåker driv og skriv om Dag og Tid-stølen. (Skjermbilete frå kampanjesida)

Med eigen avisstøl kan Dag og Tid lokke med ei heilt unik gåve til dei som gjev bort gåveabonnement på avisa: Langtidsmogna spekeskinke av griser frå Dag og Tid-stølen på Voss.

Alle Dag og Tid-tingarar som gav bort gåveabonnement innan ein viss frist, var med i trekkinga av fem spekeskinker à 2 kg. Alle som ikkje vann ein av hovudpremiane, fekk likevel ein liten smak av spekeskinka. Alle fekk tilsendt ein vakuumpakka skinkesnei rett frå stabburet.

Kampanjen var vellukka, og svært mange håpte på å vinne spekeskinke.

Dag og Tid sine griser går fritt ute på stølen, vert fôra på gras og myse frå ystinga, slakta på Voss gardsslakteri, salta, røykte på oreflis i eldstova og mogna i stabburet på garden.

Du har neppe spekeskinke frå eigen støl, men kan hende du har eit like unikt produkt som kan bli vervepremie?

– Denne ideen er mildt sagt tidkrevjande å kopiere, kommenterer redaktør Svein Gjerdåker i Dag og Tid med eit smil. Men for han har stølsdrifta på Voss vorte ein hobby. Han har to mjølkekyr, og kalvane deira har han til ei kvar tid med seg på stølen. Dessutan har han to grisungar som vert fora opp og til slutt slakta kvar haust, og i år har han for fyrste gong fire geitekillingar som skal bli mjølkegeiter til neste år. Om vinteren er kyrne og geitene utplasserte på to ulike gardar.

Svein Gjerdåker tek vare på dyra om sommaren og snur ost halve året. Alt som skjer rundt stølen skriv han om med jamne mellomrom i avisa. Sakene får gode tilbakemeldingar.

Les meir om Dag og Tid-stølen i denne arkivsaka i idebanken.