Bø blad fann fram til dei som er ekstra ivrige med strikkepinnane. Foto: Gro Birgitte Røiland, Bø blad

Eigne temasider om strikking? Ikkje noko å lure på! Bø blad fylte 11 sider med fine saker og tilpassa annonsar.

For mange betyr mørke haustkveldar ekstra god tid til strikkehobbyen. Det tok Bø blad på alvor. Dei har vore i strikkebua og garnbutikken, på strikkekveld, i bokhandelen og heime hjå ein ivrig strikkar. Dei har også grave fram historia om strikking.

Sjå dei 11 strikkesidene.

– Det som var mest moro var at me klarte å få inn mange annonsar som me bevisst lagde på dialekt – også frå aktørar som me ellers ikkje ville fått annonser frå, fortel redaktør Hilde Eika Nesje.

Annonsane har slagord tilpassa temaet:

«Vi hjelper deg å fullføre!» skriv Maxima helse som kan behandle strikkesmerter.

«Når soffan e så god at strikketøyet tek heilt av!» skryt Fagmøbler.

«Nokka dagar e rette, nokka e vrange. Kaffi og bøllær fra kånn e godt når dei blir ekstra lange,» skriv Cirkle K.

«Me kan taka imot te ræns det meste av håndarbeid som f.eks strikk og vøvne ting,» fortel Sentrum vaskeri.

Bø blad tilbyr seg å hjelpe annonsørane med å lage dialektannonsar.