Tysvær Bygdeblad har gjennomført ei lokal måling i samarbeid med Norfakta Markedsanalyse. Målinga viser at posisjonspartiet Høgre går tilbake, medan opposisjonspartiet Arbeidarpartiet går fram og ligg an til å verta det største partiet i kommunen. Høgre gjev statsbudsjettet og regjeringsposisjonen sin del av skulda. De peikar òg på at dei no har hatt ordføraren i to periodar.

Tysvær Bygdeblad har også spurt innbyggjarane kva dei stemte ved førre lokalval. I avisa syner dei fram kvar dei ulike partia sine veljarar stiller seg i dag. Interessante tal, som redaktøren analyserer.